Over regnbogen

Frå mars til juni 2021, i samband med viktige menneskerettsdagar, vil Den norske Helsingforskomité dele historier frå nokre av Europa sine modigaste og mest energiske menneskerettsforsvarar.

Natalia Soloviova

– Eg vil gjere heile Russland til ein trygg stad for LHBTI-personar

Antonio Mihajlov

– Vi gløymer kor lett det er å normalisere undertrykking

Xheni Karaj

– På grunn av folk som deg, lyt folk som meg gøyme seg

Valentina Likhosjva

– Ein dag skal vi feire Barents Pride i Russland

Dajana Bakić

– Eg står på rett side av historia

Nataliia Lobatsj

- Då festivalen vart møtt av nazistiske ytringar og steining vart ukrainske Nataliia aktivist

Målet vårt er at unge i Noreg lærer meir om, og engasjerer seg i, situasjonen til LHBTI-personar i Europa. Initiativet Over regnbogen vert gjennomført i samarbeid med Framtida.no.

Halldis (17) vann skrivekonkurransen vår!

«Skeiv livskvalitet i Noreg, bokstaveleg talt»