Valentina Likhosjva: – Ein dag skal vi feire Barents Pride i Russland

17. mai er nasjonaldagen i Noreg, men det er òg den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi (IDAHOT). Ein dag der ein protesterer mot urettferd og diskriminering og feirar mangfaldet i samfunnet.

Over regnbogen

  • Frå mars til juni 2021, i samband med viktige menneskrettsdagar, vil Den norske Helsingforskomité dele historier frå nokre av Europa sine modigaste og mest energiske menneskerettsforsvarar.
  • Målet vårt er at unge i Noreg lærer meir om, og engasjerer seg i, situasjonen til LHBTI-personar i Europa.
  • Initiativet Over regnbogen vert gjennomført i samarbeid med Framtida.no.
  • Følg med for interessante historier, arrangement og ein konkurranse eller to!

– I Noreg feirar vi nasjonaldagen vår på 17. mai, og vi gløymer difor ofte den andre, viktige meininga med dagen, seier Mina Skouen, ansvarleg for menneskerettar hjå Den norske Helsingforskomité.

– På denne dagen har eg alltid vennane og kollegaane mine i utlandet i tankane mine, medan dei tek til gatene sjølv om det er farleg, og hevar stemma i media sjølv om dei kan møte sanksjonar for det. Alt dette for å kjempe mot hat mot LHBTI-personar.

Ein av dei modige personane som kjempar mot homofobi, transfobi og bifobi er Valentina Likhosjva, frå Moscow Community Center for LGBT initiatives, and Equality.Dignity.Pride.

Shar-Peien Shihan er Valentinas følgjevenn både heime og på jobben

Det største spriket i verda

Valentina Likhosjva er 40 år gammal, bifil og føretrekker pronomenet ho.

Likhosjva bur i Moskva, men vaks ho opp i Murmansk, ikkje langt frå den norske grensa.

Noreg var alltid nært, ikkje berre i fysisk forstand, og det er sjeldan med eit år der ho ikkje kryssar grensa. 2020 vart eit slikt år grunna koronapandemien.

Mange nordmenn kjenner att Likhosjva frå engasjementet hennar for den norsk-russiske Barents Pride, som kvart år vert feira i Kirkenes. Då er det utstillingar, workshops, filmframsyningar – og ein parade.

Det var eit historisk augeblikk då 200 russarar og nordmenn samla seg for den aller første Barents Pride i 2017. Fleire år hadde gått med til planlegging og Kirkenes, som ligg berre 30 minutt med bil frå den russiske grensa, har enorm symbolsk verdi.

Det er stor forskjell på kor mange rettar du har som LHBTI-person alt etter kva side av grensa du bur på – spriket er kanskje det største i verda.

Barents Pride starta først for å syne solidaritet med russiske LHBTI-personar, som ikkje kunne organisere offentlege LHBTI-arrangement, men vart fort viktig for personar frå begge sidar av det symbolske spriket.

Etter den første paraden vart Likhosjva gong på gong spurt kva kjensler ho sat med.

– Eg veit ikkje kva eg kjenner, for dette er ei ny type kjensle. Vi har aldri opplevd dette før, svara ho.

– Barents Pride er eit døme på ekte solidaritet, på kva aksept og fridom kjennest som.


Valentina Likhoshva

– Opplevinga av å vere deg sjølv med andre menneske, sjølv om det berre er for nokre dagar, var viktig for oss alle som kom til Kirkenes. Desse opplevingane gjev oss styrke, motivasjon til å leve, handle og drøyme.

Likhosjva fekk nyleg Thorvald Stoltenbergs Pris 2021 for arbeidet sitt med Barents Pride, og med rettferd, likestilling, menneskerettar og helse i Barents-regionen.

Juryen skildra ho som ein person som handlar, når andre ser vekk, og som hevar stemma for LHBTI-personar, personar med hiv/aids, sexarbeidarar, flyktningar og andre grupper som er utsette for stigma og marginalisering i Russland.

«Brenn!»

Eit liv som Valentina Likhosjva sitt er ikkje risikofritt. Då russiske medium skreiv om at ho mottok prisen, fekk ho dødstrugslar. Trugslane var delte til ein artikkel om prisen på eit russisk sosialt medium, og dei tok mellom anna til orde for at ho burde «brenne».

Norske menneskerettsorganisasjonar har bede politiet utføre ei upartisk og effektiv gransking, men saka vart lagd vekk. Likhosjva vart ikkje overraska – det er ikkje første gong ho har vorte truga.

– Eg jobbar med saker som å verne retten til å leve, til å vere fri frå vald, auke kor synleg LHBT+ er, og for å redusere stigma mot LHBT+. Alt dette arbeidet vert utført i ein kontekst med diskriminerande lover og trakassering frå politiet og statsapparatet.

– Situasjonen har vorte verre, og det vil verte endå verre. Om vi ikkje står saman, så vil vi ikkje overleve. Utan støtte kunne eg ikkje gjort noko, seier aktivisten.

– Folk motiverer meg. Alle folk. Dei som får hjelp og støtte, og vennene mine. Nye aktivistar oppmuntrar meg òg. Familien min er òg motiverande – dei er dei mest aksepterande og støttande menneska for meg.

– No er han fri

Dei sterkaste historiene ho kjenner til om homofobi og transfobi er historiene til dei som bur på LHBTI+-herberget i Moskva. Ein av dei er Corey, ein ung transkjønna mann med autisme. Corey er fødd inn i ein vanleg familie.

– Mor hans aksepterte han ikkje, og ikkje nok med det, ho utsette han for konverteringsterapi hjå ein psykiatrisk klinikk, fortel Likhosjva og held fram:

– Men Corey fann styrken til å forlate foreldra sin heim. I halvannan månad budde han på herberget, og på denne tida fann han ein jobb og kunne leve sitt eige liv. No er han fri.

Ei anna historie er frå Vasily, ein transkjønna gut som rømde frå brutal vald i heimen utan ID-papira sine. Foreldra melde han til politiet, og han vart plassert på deira liste over ettersøkte, noko han laut kjempe hardt mot.

I staden for hjelp møtte han transfobiske haldningar og hat hjå politibetjentane og sosialarbeidarane.

– Men ved hjelp av ein advokat og ein psykolog så er han ok no. Han er ein talentfull kunstnar, og verka hans har vorte stilt ut på på den skeive kunstfestivalen Open Art.

Europas fjerde verste land å vere skeiv i

Den europeiske paraplorganisasjonen ILGA Europa måler menneskerettssituasjonen for LHBTI-personar kvart år. I 2020 var Russland det fjerde verste landet av dei 49 vurderte.

Den russiske lova som forbyr såkalla «propaganda om ikkje-tradisjonelle seksuelle relasjonar til mindreårige» har tvinga LHBTI-organisasjonar og grupper til å tydeleg fortelje at all informasjon dei deler er for personar over 18 år.

Menneskerettsorganisasjonar har gong på gong åtvara om at denne lova set barn og unge i fare, fordi ho hindrar dei i å finne informasjon om rettane dei har og deira fysiske og psykiske helse.

Den europeiske menneskerettsdomstolen har slått fast at lova bryt med menneskerettane.

– Vi saknar deg

Den siste helga i september 2020, då det var tid for å organisere Barents Pride for fjerde gong, var Noreg og Russland skilde av ei koronastengd grense. Difor laut Barents Pride vere annleis enn før.

Men Barents Pride har alltid vore ein annleis Pride, som alltid har vist at den fysiske distansen og dei fysiske grensene ikkje stoppar vennskap, relasjonar og samarbeid.

Mykje på grunn av dette klarte Barents Pride 2020 å handsame den nye og rare situasjonen.

På den norske sida stilte folk opp på grensa med banner, og paraden som gjekk gjennom gatene i Kirkenes var full av personar med skilt, der det stod «I walk for Igor», «I walk for Anastasia», «We miss you».

På russisk side laut dei halde festivalen innandørs, for sikkerheita sin del.

Det var ikkje mogleg å vere saman fysisk – men ein var likevel saman på ein måte.Då eg såg bileta av vennane våre på grensa med plakatar med «We miss you», grein eg. Det rørte meg så mykje. Eg innsåg at vi ikkje er åleine.


Valentina Likshoshva

 

– Håpet mitt er at vi kan møtest og halde Barents Pride saman i Russland. Eg drøymer om at vi kan vandre gjennom byen med flagg, at alle vil gå saman med oss skulder til skulder. Kanskje vert det når eg er gammal, men eg kjem definitivt til å oppleve denne dagen.

Vil du vete meir? 

I denne filmen kan du verte betre kjend med arbeidet Valentina gjer. 

Den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi vert feira 17. mai kvart år, over heile verda. Dagen vart etablert for å koordinere internasjonale arrangement som skal auke merksemda om brot på LHBTI-rettar og skape interesse for arbeidet for LHBTI-rettar verda over. 

Datoen viser til då homofili vart fjerna frå Verdas helseorganisasjon (WHO) si liste over diagnosar, ICD, i 1990. 

Om du vil vete meir, kan du lese om korleis aktivistar feirar dagen verda rundt her. Om du vil vete meir om homofobi, lesbofobi, transfobi og bifobi i Noreg, sjekk ut organisasjonane Foreningen FRISkeiv UngdomPKISkeiv Verden, and Salam Norge.

Kontakt:

Employee

Mina Wikshåland Skouen

SeniorrådgiverE-post: [email protected]Telefon: +47 90 82 50 76
Read article "Mina Wikshåland Skouen"

Employee

Lasse Thomassen

KommunikasjonsrådgiverE-post: [email protected]Telefon: +47 947 945 61
Read article "Lasse Thomassen"