Dajana Bakić: – Eg står på rett side av historia

Juni er den internasjonale Pride-månaden. Då feirar ein dei som held fram med å kjempe for like rettar for LHBTI personar i verda.

Over the Rainbow

  • Frå mars til juni 2021, i samband med viktige menneskrettsdagar, vil Den norske Helsingforskomité dele historier frå nokre av Europa sine modigaste og mest energiske menneskerettsforsvarar.
  • Målet vårt er at unge i Noreg lærer meir om, og engasjerer seg i, situasjonen til LHBTI-personar i Europa.
  • Initiativet Over regnbogen vert gjennomført i samarbeid med Framtida.no.
  • Følg med for interessante historier, arrangement og ein konkurranse eller to!
  • Få tips til korleis du brukar artiklane i undervisninga!

– Pridemånaden er viktig for å gjere LHBTI-historie, kamp og solidaritet synleg og relevant for både dei som skapar politikken og for befolkninga.

Det seier Mina Skouen, som er ansvarleg for lhbti-arbeidet i Den norske Helsingforskomité.

– Paradane våre syner at vi eksisterer, at vi ikkje gøymer oss, og at vi krev våre fundamentale menneskerettar. Det fargerike preget til Pride-paradane har ein stolt, symbolsk verdi, frå Stonewall-opprøret i New York i 1969 og den politiske sivilrettsrørsla som vart leia av Harvey Milk i San Francisco eit tiår seinare.

Dajana Bakić leier Tuzla Open Center i Bosnia-Hercegovina og var ein av arrangørane av den aller første Pride-paraden i heimlandet. Ho er også politisk aktiv i Det sosialdemokratiske partiet i Bosnia-Herzegovina og i det europeiske nettverket Rainbow Rose.

Dajana på Bosnia-Herzegovinas pride. Photo: Dajana Bakić/Universitas.

Alle handlingar er politiske

Dajana Bakić er 34 år gammal og ein aktivist fødd og oppvaksen i Tuzla, Bosnia-Hercegovina.

– Eg er ei jente frå nabolaget, oppdregen i ein arbeidarklassefamilie med sosialistiske verdiar, som eg prøvar å leve etter den dag i dag. Eg elskar familien min, vennskap og å vere ein del av eit fellesskap. Og eg elskar politikk og å arbeidet for fellesskapet.

Som ei jente frå nabolaget har ho sett sitt preg på nabolaget ved å gjere det tryggare.

Tuzla Open Center er ein trygg plass for skeive i byen, og kontora deira vert flittig brukt av miljøet. I dei mest isolerte månadane av Covid 19-pandemien tilbydde dei også ein digital møtestad, der folk kunne treftest utanfor heimekarantenen.

TOC arbeider ikkje berre for å sikre LHBTI-rettar, men for eit samfunn kor alle er like framfor lova, uavhengig av etnisitet og nasjonalitet eller sosial- og økonomisk klasse.

I eit etterkrigssamfunn og eit land der etnisk tilhøyrsle er djupt forplanta i det politiske og administrative systemet – og sjølv i grunnlova – er det ikkje noko ein skal ta for gitt.

– Eg er mest stolt av at eg har vore tru til meg sjølv og verdiane mine. Dei dannar grunnlaget for motivasjonen min for å arbeide – for å skape endring.

Dajana peikar på si politiske karriere, då ho som ung vart vald inn i bystyret, og aktivismen sin for rettferd for studentar, kvinner, LHBTI-personar.

– Eg har tru på at eg står på rett side av historia!

Landets første Pride noko sinne

Ein viktig del av historia som Dajana har vore med å skape, er den første Pride-paraden i Bosnia-Hercegovina noko sinne.

Etter eit år med planlegging, kunne deltakarane i september 2019 omsider samlast i Sarajevo – den siste hovudstaden i regionen til å arrangere ein parade.

Paraden møtte motstand i førekant, og nokre påstod til og med at regnet som var meldt var gud sin måte å protestere mot paraden. Og det kom ei lita regnbye den dagen, då anti-LHBT-demonstrantane hadde ei lita samling.

Men då 3000 personar samla seg for Pride-paraden, klårna himmelen opp og sola skein over heile byen. På balkongar langs ruta stod publikum og vinka og heia på paraden. Sjølv styresmaktene støtta paraden, etter ein utrøytteleg innsats frå sivilsamfunnet.

Paraden gav håp om eit friare samfunn og auka politisk støtte.

– Det personlege er òg politisk. Eg meiner kvar handling er politisk. Såleis er menneskerettsaktivisme og politisk engasjement nesten den same kampen for meg, berre med ulike verktøy, fortel Dajana.

– Grasrotaktivisme er friare og modigare, og det gjev deg eit betre innblikk i kva folk treng, noko du kan gjere om til politikk og kjempe for på den politiske arenaen.

 

 

 

Likskap, fridom, kjærleik

Paraplyorganisasjonen ILGA Europa måler menneskerettssituasjonen for LHBTI-personar kvart år, og i 2021 er Bosnia-Hercegovina på 21. plass av dei 49. vurderte landa.

Bosnia-Hercegovina er eit samansett samfunn å arbeide i. Korrupsjon er ei utfordring på alle nivå. Det politiske systemet er stivt og vanskeleg å utfordre. Fordommar mot LHBTI-personar er utbreidde – og det er lite allmennkunnskap om problema og behova miljøet har. Difor er utviklinga treig, og nokre gongar ikkje-eksisterande.

– Diskriminering, hatytringar og vald er til stades kvar dag i heimane våre, i skulen, på jobb, i gatene og i dei sosiale nettverka, seier Dajana.

Trygge stadar for LHBTI-miljøet er sjeldne og avhengige av at organisasjonar som TOC tilbyr dei.

– Draumen min for LHBTI-miljøet i heimlandet mitt er likskap, fridom og kjærleik. Det hadde vore fantastisk å kunne puste fritt, å kunne eksistere utan frykt.

 

Historisk avtale

År etter år oppnår LHBTI-rørsla i Bosnia-Hercegovina nye sigrar. Tidene endrar seg, grunna menneska som arbeider for endring.

Dajana byrja som aktivist då ho som student var med å starte Youth Movement Revolt. Det er ein venstreorientert grasrotorganisasjon driven av unge som kjempar mot nasjonalisme, urettferd og dårlege styresmakter.

– Eg er så takksam for dei ti personane som starta organisasjonen og hjelpte meg å styrke verdiane mine, å lære og – viktigast av alt – å endre samfunnet vårt for det betre. Det har danna grunnlaget for alt eg har gjort i seinare tid. Det gjorde meg til ein aktivist.

Midt i pandemien så makta dei å framforhandle ei historisk avtale, eit samarbeid mellom byen Tuzla og TOC, der Tuzla forpliktar seg til å betre vilkåra for LHBTI-borgarane. Dette er den første avtala av sitt slag i heile landet. Så igjen, på den rette sida av historia.

«Min fridom beskyttar din» på World Pride Madrid 2017, foto: Dajana Bakić

– Ingen er fri før alle er det

– Vi er politiske vesen og vi bør verte inkluderte i avgjersler som påverkar oss. Eg minnest framleis eit skilt eg såg i Pride-paraden i World Pride Madrid i 2017 som sa «Min fridom beskyttar din» – det å vere merksam på våre eigne privilegium og behov er like viktig som å gjere noko med det, med denne vakre verda vi deler, og ingen er fri før vi alle er det.

Harvey Milk sa at «Hope will never be silent», og Dajana og kollegaane i Bosnia-Hercegovina er eit tydeleg døme på at han hadde rett.

Politisk representasjon er ein viktig del av å oppnå like rettar for LHBTI-personar. Å vere opent skeiv og samstundes ha eit politisk verv – eller berre å vere ein alliert og løfte likestilling for LHBTI-personar utan sanksjonar – er framleis utenkjeleg mange stadar i Europa.

– Representasjon betyr noko. Det er avgjerande med LHBTIQ-perspektiv i saker og i utforminga av politikk. Å vere synleg i politikken er viktig og syner at vi høyrer heime også på den arenaen, fortel Dajana og utdjupar:

– Det er grunnnen til at Harvey si historie framleis er relevant, spesielt i samfunna våre som manglar folkevalde LHBTIQ-representantar og offentlege profilar. Døme på personar som står fram, er modige og som både stiller til val og har politiske verv kan motivere oss til å ta del i kampen.

– Vi treng framleis håpet som Harvey snakka for for 60 år sidan.

 

Vil du vete meir? Pride-månaden, med sine mange paradar og uttrykk, regnbogeflagg og fargerike uttrykk, kjem frå den sterke historia til Stonewall-opprøret i 1969. Gjester hjå den skeive baren Stonewall Inn støytte saman med politiet, etter ein av politiet sine tallause razziar. I frontlinja står farga transkvinner, dragkongar og -dronningar, som kjempar for å sleppe trakassering og vald.

I tiåra etter veks ei sterk rørsle, som kjempar for rettane til LHBT-personar, fram i USA. Den mest kjende rørsla er frå San Francisco, der Harvey Milk vert ein karismatisk leiar og den første opent homofile mannen til å verte folkevald i USA. Milk sat i 11 månadar før han vart drepen 27. november 1978.

Det no kjende regnbogeflagget vart skapt på den tida av den homofile dragartisten Gilberg Baker, som vart oppmoda av Harvey Milk. Dragartistane, musikken, fargane og mangfaldet som karakteriserer Pride-paradane i dag har ein veldig meiningsfull symbolsk verdi.

Om du vil vite meir om Harvey Milk, besøk heimsida til Milk foundation.

Om du vil vete meir om korleis norske politiske parti arbeider med LHBTI-saker, så har fleire parti ei eiga LHBTI-gruppe, som Arbeidarpartiets HomonettverkÅpne Høyre or SV’s Skeive sosialister.

Du kan òg sjekke ut nokre av dei norske LHBTI-organisasjonane Foreningen FRISkeiv UngdomPKISkeiv Verden, and Salam Norge.

Kontakt:

Employee

Mina Wikshåland Skouen

Seniorrådgiver likestilling og ikke-diskrimineringE-post: [email protected]Telefon: +47 90 82 50 76
Read article "Mina Wikshåland Skouen"

Employee

Lasse Thomassen

SeniorrådgiverE-post: [email protected]Telefon: +47 947 945 61
Read article "Lasse Thomassen"