Kampen for eit Europa der ein kan vere ung, skeiv og fri

Lhbti-aktivistar frå Bosnia-Hercegovina, Russland, Albania og Noreg fortel om korleis det er å vere ung, skeiv og klar til å endre verda i Europa i dag!

Kvifor vert folk lhbti-aktivistar, om det utset dei sjølv og deira nære for risiko? Kor finne folk informasjon om identitet og seksualitet, når samtalar om lhbti-tema er forbodne? Korleis kjem folk ut av skapet, vert forelska og stiftar familie? Korleis taklar dei homofobi og transfobi i kvardagen?

Xheni Karaj frå Aleanca LGBT i Albania
Dajana Bakić frå Tuzla Open Center i Bosnia Hercegovina
Natalia Soloviova frå T9NSK i Russland
Luca Ovedie Amundsen frå Skeiv Ungdom i Noreg

Moderator: Den norske Helsingforskomité

Bruk webinaret i undervisninga di!
De kan stille spørsmål til aktivistane i løpet av webinaret, eller de kan sende dei i førekant anten på melding på Instagram:
@framtida.no eller @norwegianhelsinkicommittee, eller på e-post til: [email protected].

Webinaret holdes på engelsk.

Link til møte:
https://zoom.us/j/97726219813?pwd=SEVib0dDVlVVYkVRbENqTHNmeGcwZz09

Møte-ID: 977 2621 9813
Passord: 212448

Webinaret er ein del av prosjektet «Over regnbogen», organisert av Den norske Helsingforskomité og Framtida.no. Frå mars til juni 2021 deler vi historiene til nokre av dei modigaste stemmene i Europa, i tilknyting til viktige menneskerettsdagar.