Xheni Karaj: – På grunn av folk som deg, lyt folk som meg gøyme seg

26. april er lesbisk synlegheitsdag, ein dag som vert feira kvart år for å rette søkjelyset mot lesbiske kvinner og deira utfordringar.

OVER REGNBOGEN

  • Frå mars til juni 2021, i samband med viktige menneskrettsdagar, vil Den norske Helsingforskomité dele historier frå nokre av Europa sine modigaste og mest energiske menneskerettsforsvarar
  • Målet vårt er at unge i Noreg lærer meir om, og engasjerer seg i, situasjonen til LHBTI-personar i Europa.
  • Initiativet Over regnbogen vert gjennomført i samarbeid med Framtida.no.
  • Følg med for interessante historier, arrangement og ein konkurranse eller to!

– Lesbiske har alltid gått i front i kampen for LHBTI-rettar, kvinner sine rettar, menneskerettar, seier Mina Skouen, som er ansvarleg for menneskerettar i Den norske Helsingforskomité.

– Mange vert møtte ikkje berre av anti-LHBTI-haldningar, men utset også seg sjølve for risiko ved å verte assosierte med å bryte kjønnsstereotopiar og ved å vere kvinnelege menneskerettsforkjemparar. Denne dagen er viktig for å vise unge lesbiske at dei kan ha ein enorm effekt på samfunnet.

Ein av personane som har gjort dette er Xheni Karaj frå LHBT-organisasjonen Aleanca LGBT i Albania.

Ho vart Albania sin første offentleg opne lesbiske – og brukte dette til å inspirere ei rørsle.

I 2012 deltok 12 personar i Pride-paraden i Tirana. No er dei over 500. Foto: Loreta Cuka

Ikkje eit alternativ å leve eit dobbeltliv

– Eg bestemte meg for å verte ein aktivist då eg innsåg at det ikkje var eit alternativ for meg å leve eit dobbeltliv, fortel Xheni.

Ho fortel om den gongen ho var 21 år gammal, i 2009, og oppretta Facebook-gruppa The Straight and Gay Alliance Against Discrimination of LGBT People in Albania.

På den tida trudde folk flest i Albania at det ikkje fanst homofile i landet, og meinte homofili var ein sjukdom spreia av Vesten. Dette vart motbevist då hundrevis melde seg inn i gruppa på kort tid.

Dette var det første steget frå å vere ei lita gruppe vennar til å skape eit miljø.

– På den tida jobba eg for ein albansk statsinstitusjon, men eg var ikkje opent lesbisk endå, fordi eg frykta eg ville miste jobben, minnest Xheni.

– Eg skreiv ut A4-plakatar som skulle auke merksemda om LHBTI-utfordringar på kontorskrivaren min, og på nattetid gjekk eg ut i Tirana sine gater med andre aktivistar for å fylle byen med informative og bevisstgjerande plakatar.

Dette er tolv år sidan, og mykje har endra seg. For ho sjølv, for Albania og for miljøet hennar.

– I will always remember the first Pride when I rode my bike in the main Boulevard in Tirana and I felt free and powerful for the first time in my life. Photo: Eriona Cami

Utbreidd homofobi og transfobi

Den europeiske paraplyorganisasjonen ILGA Europa måler menneskerettssituasjonen for LHBTI-personar kvart år, og i 2020 hamna Albania på 28. plass av dei 49 vurderte landa.

Landet slit med utbreidd homofobi og transfobi. 

Xheni forklarar at situasjonen for LHBTI-personar er utfordrande i alle sfærer av livet: heime, på skulen og på jobb, når ein treng offentlege tenester, og på det politiske nivået. Diskriminering og vald er ein del av kvardagen.

– Berre ein liten prosentdel av LHBTI-personar i Albania kan kome ut til familien sin, fortel ho.

– Mange av dei som vågar å ta dette steget vert anten utsette for vald, truga eller kasta ut. Personar som ikkje har kome ut på jobb lever i konstant frykt for at den seksuelle orienteringa deira skal verte oppdaga og at dei vil verte ståande att utan jobb.

Trass desse omstendene er LHBTI-miljøet no sterkt og synleg, med opne og tydlege talspersonar.

– Eg håpar og drøymer om at framtidige LHBTI-generasjonar vil leve livet sitt fritt og fullt, utan frykt og diskriminering. Eg håpar foreldre aksepterer barna sine og elskar dei vilkårslaust,

 

Om sonen min vert som deg, så skyt eg han

Xheni sitt første steg var ikkje planlagt.

I 2012 gav ei ny lov LHBT-personar vern frå diskriminering, noko som førte til enorme politiske protestar. Miljøet, som før hadde brukt nettene til å fylle gatene med plakatar mot homofobi, måtte no handtere media sitt søkjelys.

– Eg byrja å gje intervju til media, men sidan eg ikkje var ute til familien min gjorde eg det med ansiktet tildekt og eit anna namn, seier ho.

Men i mai 2012 endra det seg, på eit politisk tv-program kalla Opinion på den nasjonale kanalen TV Klan.

Murat Basha, leiaren av eit konservativt parti på høgresida, ytra hatefulle kommentarar om LHBT-personar, medan Kristi Pinderi – ein annan pioner i den albanske LHBTI-rørsla – sat i panelet og Xheni sat i publikum.

Basha sa til Pinderi at: «Om sonen min vert som deg, så skyt eg han med ei kule i hovudet». For Xheni var dette siste dråpen. Ho visste at mange frå miljøet såg på programmet og høyrde desse trugslane, så ho tok til mikrofonen.

– Det er fordi det finst folk som deg i denne verda, at folk som meg må gøyme seg og leve eit dobbeltliv. Men ikkje lenger! Eg kan ikkje verte verande i skuggen, så difor kjempar eg.

Slik vart ho den første opent lesbiske i Albania.

– For meg bør ein løfte stemmene og ansikta i våre historier kvar dag, for i mange land har ikkje historiene våre vorte fortalde eller lytta til i det heile, og i andre er dei fortalde av vondsinna tunger og sinn, seier Xheni. Foto: Privat

Å kome heim etter 27 år på gata

– Eg håpar og drøymer om at framtidige LHBTI-generasjonar vil leve livet sitt fritt og fullt, utan frykt og diskriminering. Eg håpar foreldre aksepterer barna sine og elskar dei vilkårslaust, seier Xheni.

I mellomtida, stiller det albanske LHBTI-miljøet, organisasjonene og aktivistane opp med trøyst og støtte.

I 2014 var Xheni med å etablere eit herberge for heimlause LHBTI-personar. Til no har det gjeve husly til meir enn hundre personar, som har forlate familiar som ikkje lenger vil ha noko med dei å gjere, og som no vil skape sitt eige liv.

Den første Pride-paraden i Tirana i 2012 bestod av 12 personar på syklar, og dei vart angripne med tåregass. No deltek meir enn 500 personar kvart år.

Suksesshistorier kan oppstå om ein nektar å gje opp, og eitt døme er historia til Anxhela, ei rom- og transkvinne som lenge har fått bistand frå Aleanca LGBT. Ho var heimlaus og vart utsett for tallause transfobiske åtak.

– Det var mange gongar ho trong helsehjelp, men ikkje kunne reise til sjukehuset på eiga hand. Ingen av legane ville behandle ho, og ofte brukte dei nedsetjande språk og lo av ho. Vi har følgt ho til sjukehuset i mange år, slik at vårt nærvær sikrar at legane behandlar ho med verdigheit og respekt.

Etter eit særskilt brutalt åtak i 2019, mobiliserte Xheni og andre aktivistar til eit nasjonalt og internasjonalt engasjement for saka hennar, og Anxhela fekk omsider offentleg støtta bustad.

Ho kunne omsider late att døra i sin eigen heim, etter 27 år på gata.

Ingenting er betre enn å endre verda

– Historiene og ansikta til alle LHBTI-personar eg møter gjennom jobbkvardagen min motiverer meg. Fantastiske, modige, vakre menneske som utfordrar det konservative og lite aksepterande albanske samfunnet gjennom sin mektige eksistens, seier Xheni.

– Rolla unge har i samfunnet er som rolla hjarte har i menneskekroppen. På same vis som hjartet pumpar blod og får alle organ til å fungere, så pumpar unge revolusjonære idear, energi, draumar, fantasi, styrke og lidenskap inn i samfunna våre.

 

– Alle ingrediensane er der, og er klare til å skape sosiale rørsler som verkeleg kan skape ei betre og meir rettferdig verd. Eg trur unge bør vere meir klar over styrken sin og bruke han på rett måte. Og det er ingenting som er betre enn å endre verda.

Vil du vete meir? Om du vart inspirert av Xheni si historie og vil lære meir om korleis det er å vere skeiv i Albania, kan du sjå dokumentaren «Ska Ndal» av Elton Baxhaku og Eriona Çami på YouTube. Der høyrer du historia til Xheni og til LHBTI-rørsla i Albania. TV-programmet der Xheni kom ut på nasjonalt fjernsyn er òg ein del av dokumentaren. 

Lesbisk synlegheitsdag var først markert i 2008 og er no ein viktig dato i LHBTI-kalenderen. Det er ei årleg markering 26. april, og via til å auke synlegheita til lesbiske kvinner og utfordringane dei møter. 

Om du vil vete meir, høyr den daglege leiaren av Stonewall prate om dagen here. Om du vil vete meir om å vere lesbisk i Noreg, sjekk ut organisasjonane Foreningen FRIQueer YouthPKIQueer World, og Salam Norge.

Koronapandemien har vore utfordrande for LHBTI-miljøet, der mange har vore i lockdown med familiemedlemmar som ikkje kjenner eller respekterer identiteten deira. Men ein kan markere Pride heimanfrå.

Kontakt:

Employee

Mina Wikshåland Skouen

Seniorrådgiver likestilling og ikke-diskrimineringE-post: [email protected]Telefon: +47 90 82 50 76
Read article "Mina Wikshåland Skouen"

Employee

Lasse Thomassen

SeniorrådgiverE-post: [email protected]Telefon: +47 947 945 61
Read article "Lasse Thomassen"