Natalia Soloviova: – Eg vil gjere heile Russland til ein trygg stad for LHBTI-personar

31. mars er den internasjonale transsynlegheitsdagen, ein dag som vert feira kvart år for å vie merksemd til utfordringane transpersonar verda over møter.

OVER REGNBOGEN

  • Frå mars til juni 2021, i samband med viktige menneskrettsdagar, vil Den norske Helsingforskomité dele historier frå nokre av Europa sine modigaste og mest energiske menneskerettsforsvarar.
  • Målet vårt er at unge i Noreg lærer meir om, og engasjerer seg i, situasjonen til LHBTI-personar i Europa.
  • Initiativet Over regnbogen vert gjennomført i samarbeid med Framtida.no.
  • Følg med for interessante historier, arrangement og ein konkurranse eller to!

– Vald, diskriminering og stigma mot transpersonar er blant dei mest alvorlege og uløyste menneskerettssituasjonane i Europa i dag. 

Det seier Mina Skouen, som er ansvarleg for menneskerettar i Den norske Helsingforskomité.

– Dette gjer 31. mars til ein viktig menneskerettsdag. Det er òg ein dag for å hylle og feire det utrulege arbeidet aktivistfellesskapet gjer, kvar dag året rundt.

Ein av dei er Natalia Soloviova frå Prosjektet for transkjønna personar og deira nære T9 NSK i Novosibirsk. Vi er glade for at ho vil fortelje oss om kvifor transsynlegheit er viktig i Russland.

Stoltheit

– Kva eg er mest stolt av? Aktivistane i Russland, og folka som kjem for å delta på arrangement. Det krev styrke, mot, for å delta, seier Natalia. 

Natalia, frå Novosibirsk i Russland, er 32 år gamal. Ho føretrekker pronomena han og ho/henne.

Nettsida til Natalia sin organisasjon T9 NSK er designa med dei rosa, blå og kvite fargane til transflagget, og har den pålagde 18+ merkjelappen, som skal hindre mindreårige frå å besøkje sida.

Ei russisk lov som forbyr såkalla «propaganda om ikkje-tradisjonelle seksuelle relasjonar mot mindreårige» har tvinga LHBTI-organisasjonar og grupper til å plassere ei åtvaring på stadar der dei deler informasjon om arbeidet sitt.

Menneskerettsorganisasjonar har gong på gong åtvara om at denne lova set barn og unge i fare, då ho hindrar dei i å finne informasjon om rettane sine, helsa si og det psykiske velværet sitt. Den europeiske menneskerettsdomstolen har slått fast at lova bryt med menneskerettane.

Natalia sin organisasjon, T9 NSK, arbeider i Sibir og heilt aust i Russland, kor det er langt mellom byar og transmiljøet har lite støtte og tilbod.

– Eg jobbar med å auke sjølvtilliten til miljøet, for å inspirere så mange LHBTI-personar som mogeleg til å starte med å gjere noko.

– Å sjå personar kome og delta på øvingane mine, det gjer meg oppglødd, glad – og stolt.

– Vi arbeider for eit samfunn der transpersonar ikkje er andrerangs borgarar, og der dei ikkje kjenner seg som andrerangs borgarar, seier Natalia

Blant dei verste i Europa

Den europeiske paraplyorganisasjonen ILGA Europe vurderer menneskerettssituasjonen for LHBTI-personar kvart år, og for 2020 er Russland rekna som det fjerde verste landet av dei 49 som er vurderte. Fleire av indikatorane for denne indeksen er knytt til situasjonen for transpersonar. Utfordringane er mange.

Du kan endre juridisk kjønn, men prosessen følgjer ikkje internasjonale standardar. Vald er vanleg, og minst eitt transfobisk drap vart registrert i fjor. Diskriminering eksisterer i alle sfærer av samfunnet, og anti-LHBTI-haldningar vert uttrykt hyppig frå det høgaste politiske plan, og frå kyrkja.

På den andre sida – haldningane til folk vert endra, litt etter litt, i ei positiv retning.

Fleire personar vil hjelpe. Advokatar, psykologar tilbyr sine tenester til grupper og organisasjonar. Og det internasjonale miljøet følgjer situasjonen tett.

– Å sjå personar kome og delta på øvingane mine, det gjer meg oppglødd, glad – og stolt.

Skinande auge og varme klemmar

Å engasjere seg i aktivisme var ein gradvis prosess for Natalia. 19 år gammal var ho på ei lita framsyninga av ein LHBTI-film. Ein person, ein mann, gjekk opp på scena, sette seg på ein stol og delte historia si.

– Denne filmframsyninga var mi første oppleving av å vere ein trygg plass, fortel ho.

– Denne opplevinga gjorde at eg ynskjer å gjere heile Russland til ein trygg stad for LHBTI-personar.

Mannen på scena lever no lukkeleg alle sine dagar i Tyskland med ektemannen sin. Natalia har sjølv vore lukkeleg gift i ti år.

– Tidene endrar seg, og aktivisme er staden kor fleire og fleire personar kan ta del i denne endringa, konkluderer Natalia.

 

– Activism is not about age, it is about passion, goals, drive for change. My work is motivated by people. By warm hugs and bright eyes. By seeing the results of what we do.

 

 

 

Endringar kan skje!

I 2021 var Natalia med i ILGA Europa si kampanje #Nevergiveup, mot tillegga til den russiske grunnlova. Tillegga skreiv inn i grunnlova at ekteskap er ein union mellom ein mann og ei kvinne, forbydde adopsjon i like-kjønna familiar, og truga med å forby juridisk kjønnsskifte.

Forslaget om å forby jurdisik kjønnsskifte – prosessen der du byter kjønnet du vart tillagt ved fødselen til det du identifiserer deg med – bryt internasjonale menneskerettslover. Den europeiske menneskerettsdomstolen har slått fast at juridisk kjønnsskifte fell innanfor retten til privatliv og familieliv i det europeiske lovverket.

Både russiske og internasjonale organisasjonar arbeidde Ka, og 16. november vart ho omsider trekt tilbake.

– Vi arbeider for eit samfunn der transpersonar ikkje er andrerangs borgarar, og der dei ikkje kjenner seg som andrerangs borgarar, seier Natalia og legg til:

– Ein dag håpar vi å ha ei lov som gjev vern mot hatkriminalitet basert på kjønnsidentitet, seksuell orientering og kjønnsuttrykk.

Kampanje mot lova som truga med å forby juridisk kjønnsskifte brukte #-tags som #ProtectRussianTransLives #законоразрушениисемьи #НетТрансфобнымЗаконам #ЯВместеСТранссообществом

Vil du vete meir?

Den internasjonale transsynlegheitsdagen finn stad 31. mars kvart år, og skal feire transpersonar og auke medvitet om diskrimineringa transpersonar verda over vert utsette for.

Om du vil vete meir, besøk Transgender Europe. Om du vil vete meir om å vere transperson i Noreg, sjekk ut  iChattenForbundet for transpersoner i NorgePasientorganisasjonen for KjønnsinkongruensForeningen FRIQueer YouthQueer World og Salam Norge.

Kontakt:

Employee

Mina Wikshåland Skouen

Seniorrådgiver likestilling og ikke-diskrimineringE-post: [email protected]Telefon: +47 90 82 50 76
Read article "Mina Wikshåland Skouen"

Employee

Lasse Thomassen

SeniorrådgiverE-post: [email protected]Telefon: +47 947 945 61
Read article "Lasse Thomassen"