Nataliia Lobatsj: Då festivalen vart møtt av nazistiske ytringar og steining vart ukrainske Nataliia aktivist

Nataliia Lobatsj hadde aldri planlagt å verte aktivist, no kjempar ho for LHBT-rettar gjennom kunst og aktivisme.

Over regnbogen

  • Frå mars til juni 2021, i samband med viktige menneskrettsdagar, vil Den norske Helsingforskomité dele historier frå nokre av Europa sine modigaste og mest energiske menneskerettsforsvarar.
  • Målet vårt er at unge i Noreg lærer meir om, og engasjerer seg i, situasjonen til LHBTI-personar i Europa.
  • Initiativet Over regnbogen vert gjennomført i samarbeid med Framtida.no.
  • Følg med for interessante historier, arrangement og ein konkurranse eller to!

– Bak kvar parade, bak kvart regnbogeflagg, så er der så mange historier og folk som vil skape endring, seier Mina Skouen, som er ansvarleg for arbeidet med likestilling og mangfald i Den norske Helsingforskomité.

Aktivisme er ikkje berre å gå i parader og demonstrasjonar. Det er òg vekentlege møter i samfunnshus, terapigrupper, leik og utforsking og å støtte kvarandre.

I førekant av årets internasjonale Pride-månad har Framtida.no og Den norske Helsingforskomité delt historiene til nokre av Europa sine modige og aktive menneskerettsforkjemparar gjennom Over regnbogen.

Målet har vore å auke merksemda kring LHBT-utfordringar i Europa i dag.

Sjølv når Pride-månaden er over og ålmenta si merksemd forflyttar seg, så held arbeidet fram.

Nataliia Lobach

Arva frykta frå besteforeldrene

Nataliia Lobatsj er 39 år gammal og bur i byen Zaporizjzjia, sør i Ukraina. Ho er både aktivist og grafisk designar, og koordinerer arbeidet i lokalforgreininga av den ideelle organisasjonen Insight i Zaporizjzjia.

Regionen Nataliia bur i er berre 180 kilometer unna dei russisk-okkuperte terretoria og den valdelege konflikta som føregår.

– Då eg var fødd var det sovjetisk territorium, og besteforeldra mine måtte tole mykje frykt på den tida, fortel Nataliia.

– Likevel heldt dei ut og oppdrog borna sine – i kjærleik, men uheldigvis òg i frykt. Eg arva den frykta i genene mine. Ho kjem til syne som ei frykt for å uttrykkje meg, for å ha ein livleg personlegdom, vere meg sjølv og snakke ærleg om kva eg vil og kjenner. Trass det, så prøvar eg å vere den eg er i livet, og gjere det eg likar.

– Eg ville aldri verte aktivist

Nataliia koordinerer ei regionel forgreining av organisasjonen Insight, som har vore ein av partnarorganisasjonane til Den norske Helsingforskomité i lang tid. Dei regionale gruppene har utvikla seg gradvis over tid, når det har vore nokon utanfor hovudstaden som torer å vere aktiv i konservative lokalsamfunn med lite eller ingen LHBTI-aktivisme frå før.

For nokre år sidan hadde Insight aktivitetar berre i Kiev, den ukrainske hovustaden. No har dei grupper i ti ulike regionar.

– Om eg skal vere ærleg, så ville eg aldri verte ein aktivist. Eg var redd for å verte sosialt utstøytt, eller for å ikkje verte elska, sidan det framleis er mykje homofobi, seier Nataliia.

– Men eg var vitne til korleis ytre høgre-aktivistar skreik ut nazistiske motto og steina deltakarane på Equality Festival in Lviv, som var organisert av Insight. Motet kvinnene synte imponerte og inspirert meg veldig, fortel Nataliia og legg til:

– I det augeblikket forstod eg at det ikkje er rett å stå på sidelinja når folk vil ta landet vårt attende til fortida. Det var slik Nataliia vart frivillig i Insight, og ein aktivist.

Den største utfordringa er tryggleiken

Den europeiske paraplyorganisasjonen ILGA Europa måler menneskerettssituasjonen for LHBTI-personar kvart år, og for 2021 hamnar Ukraina på 40. plass av dei 49. landa som er vurderte.

Organisasjonar som Den norske Helsingforskomité, Human Rights Watch og Freedom House peikar på den vedvarandre trugselen frå grupper frå ytre høgre. Sjølv om landet har ein årleg Pride-parade, er angrep på hendingar som løftar LHBTI og kvinner sine rettar meir regelen enn unntaket.

I heimbyen til Nataliia, Zaporizjzjia, vart ein Equality Festival angripen i 2017, og fleire personar skadde.

– Den største utfordringa når ein arbeider med LHBTI-personar er tryggleiken, eller for å vere meir presis – mangelen på tryggleik, fortel Nataliia.

– Trugslar og fysisk vald fører til eit stort press på LHBTI-aktivistar, i tillegg til homofobi. Samstundes held vi fram å arbeide og det er ikkje enkelt. Men eg kan sjå eit samfunn som stadig utviklar seg. Det gler meg å sjå at lokalsamfunn utviklar seg og korleis folk får meir sjølvtillit og vert lukkelegare.

 

Lasse Thomassen, Kommunikasjonsrådgjevar i Helsinforskomiteen, med ein av Nataliias masker.

– Ingenting kan samanliknast

I 2018 var Nataliia invitert til å ta den i Oslo Pride sitt internasjonale program. Ho fortel at det var første gong ho besøkte ein Pride utanfor heimlandet, og ho var nær ved å grine av lukke.

– Ingenting kan samanliknast med atmosfæren der. Eg såg så mykje oppriktigheit og openheit. Glede og kreative impulsar fylte hjartet mitt, og eg var enormt imponert. Eg trykte det til hjartet mitt og det er akkurat det som hjelper meg i arbeidet mitt.

I år vart Oslo Pride arrangert utan internasjonale gjester, grunna koronapandemien, men Nataliia har laga regnboge-masker som ein påminnar om alt arbeidet som vert gjort rundt om i Europa. Munnbindet er pryda av regnbogen, har fargane til både trans og intersex og inkluderer mange symbol frå den skeive rørsla.

– Menneskerettar inspirerer designarbeidet mitt. Eg har mange prosjekt som handlar om feminisme og LHBTI. Den visuelle verda har stor påverknad på oss, og eg nyttar dette høvet til å snakke om ting eg bryr meg om.

På spørsmål om korleis folk i Ukraina tek imot arbeidet hennar, svarar ho:

– Folk reagerer positivt. Dette er kunsten min og min absolutte fridom. Nokre kan mislike det, men det har dei rett til. Kunsten min er verda mi, og eg trur ikkje noko kan påverke det.

Vil du vete meir? Les dei andre artiklane frå Over regnbogen! Sjekk også ut korleis du kan bruke artiklane i skulen.

Om du vil vete meir om LHBT-spørsmål i Noreg, sjekk ut organisasjonane Foreningen FRISkeiv UngdomPKISkeiv Verden, and Salam Norge.

For more information, please contact:

Employee

Mina Wikshåland Skouen

Seniorrådgiver likestilling og ikke-diskrimineringE-post: [email protected]Telefon: +47 90 82 50 76
Read article "Mina Wikshåland Skouen"