Fem måtar du kan støtte Kviterussland

Situasjonen i Kviterussland er kritisk. Slik kan du vise at du støtter deira kamp for fridom og ein betre kvardag.

Dei siste dagane har hundretusenvis tatt til gatene i Kviterussland for å protestere mot nok eit rigga val og overtyde president Lukasjenko til å gå av. Han har svart med massearrestasjonar, overdriven bruk av vald og systematisk bruk av tortur. Det stoppar likevel ikkje dei modige kviterussarane frå å protestere, streike og rope diktatoren rett imot. Her er fem ting du også kan gjere for å støtte kampen deira frå sofakroken eller framfor tastaturet!

1. Følg uavhengige media

Det er ikkje lett å vera journalist, fotograf eller redaktør i ein autoritær stat til vanleg, og enno vanskelegare blir det når dei blir arresterte, angripne og internett i tillegg blir stengt av. Slik er siuasjonen i Kviterussland no. Heldigvis finst uavhengige mediehus som gjer alt dei kan for å samle informasjon og dokumentasjon, og publisere. Ved å følge dei får du oppdatert, usensurert informasjon om kva som skjer i gatene, samstundes som du gjev dei høgt verdsett internasjonal anerkjenning og støtte. Eksempel på slike frie mediehus er Belarus Digest og Belarus Feed. På Twitter kan du også følgje den kviterussiske journalisten Franak Viačorka. Snakker du russisk eller hviterussisk kan vi i tillegg anbefale Nasha Niva, www.tut.by og naviny,by, Current Time TV på Facebook, eller Tut.by og Nexta Live sine kanalar på Telegram. Me i Den norske Helsingforskomité jobbar også tett med lokale og internasjonale partnarar så følg også med på våre nettsider og sosiale media, eller abonnerer på vårt nyheitsbrev.

2. Del korrekt informasjon om kva som skjer

Det er ikkje lett å sortera informasjon frå ein situasjon som er så uoversiktleg og så langt unna, samstundes som ein har lyst til å engasjere fleire og hjelpe. Men ta deg tid på å leite etter verifiserte kjelder, og dobbelsjekk bilete og tekst før du deler. Heldigvis har utviklinga i Kviterussland så langt vore skåna for den flaumen av falske nyheiter som nabolandet Ukraina var utsett for, men det er likevel viktig å vera merksam også når ein er engasjert. For dette kan raskt endre seg og feilinformasjon kan få uønskte konsekvensar.

3. Legg press på norske og internasjonale politikarar

Me i Den norske Helsingforskomité har frå første dag tilrådd norske styresmakter å ta ei førande rolle i å innføre strengare sanksjonar mot Lukasjenko og dei andre i regimet som utfører grove menneskerettsovergrep mot eige folk. Me har også sendt brev til Erna Solberg om at Norge burde ta ei sentral rolle i å forhandle fram Lukasjenko sin avgang. Mange prosessar er allereie i gang både i Norge og internasjonalt, og du kan bidra ved å leggje ytterlegare press gjennom sosiale media, dele våre oppmodingar og ved å kontakte dine representantar på Stortinget. Emneknaggar ein kan bruke (og følgje) er #FreeBelarus og #ЖывеБеларусь.

4. Støtt viss du kan!

Trass i dei vanskelege arbeidsvilkåra i Kviterussland er det aktivistar, journalistar og advokatar som står opp for menneskerettar i kvardagen, og ikkje minst under ei krise slik som no. Dei treng all den støtta dei kan få til ei rekkje med oppgåver, og aktivistar i Kviterussland har oppretta innsamlingsaksjonar på Facebook: alt frå vatn og medisinar for dei som streiker og protesterer, til rettshjelp til dei arresterte og torturerte. Me i Den norske Helsingforskomité har følgt sivilsamfunnet og utviklinga i Kviterussland i ei årrekkje, og tar også imot midlar til vårt Krisefond (VIPPS 20935).

5. Delta på arrangement om utviklinga

Vil Russland intervenere og valdsbruken auke? Korleis kan vestlege land best hjelpe? Og korleis kan såra frå vald og tortur mot fredelege demonstrantar helast? Kva kan kome etter Lukasjenko? Dette og meir får du svar på onsdag 26. august i ein digital samtale saman med Tankesmien Agenda som vi arrangere hvor du får høyre direkte frå ekspertar på og fra Kviterussland og Russland. Delta på arrangementet!

Kontakt

Employee

Emil André Erstad

Kommunikasjonssjef E-post: [email protected]Telefon: +47 92 29 45 94Twitter: @emiers
Read article "Emil André Erstad"

Employee

Inna Sangadzhieva

Seniorrådgiver, Russland og HviterusslandE-post: [email protected]Telefon: +47 97 69 94 58
Read article "Inna Sangadzhieva"