Mødrer som kjempar for menneskeverd

Det er lite som slår stoltheita ei mor føler over barn som gjer karriere og står opp for det dei meiner er viktig. Men kva om arbeidet går ut over tryggleiken til fleire i familien og set fleire i fare?

Denne kronikken ble først publisert i Dagbladet i sammenheng med morsdagen.

Den lave, vevre kvinna gjorde ikkje mykje av seg, men Frangiza Huseynova strålte av stoltheit under den høgtidelege seremonien og middagen i Oslo sommaren 2013. Ho hadde nett mottatt Fritt Ords pressepris på vegne av sonen Mehman. Han fekk prisen for sitt fotografiske dokumentasjonsarbeid som avslørte korleis det korrupte regimet i Aserbajdsjan gjennomførte alvorlege overgrep mot folket. Han sjølv var blitt nekta utreiseløyve for å ta imot prisen.

Eg var så heldig å ha Frangiza til bords under middagen og kunne også rose den eldste sonen hennar, Emin. Han er også ein verdskjent, respektert gravejournalist som har avdekka grov korrupsjon frå styresmaktene i det oljerike landet. Det ligg mykje varme og hardt arbeid bak å ha oppdratt to slike modige søner, sa eg.

Tør mødrene ta avgjerda om å oppmode barna sine til å stå på rettane sine, forsvare andre, og ta den risikoen som følger med? Eller skal ein verne barna ved å lære dei til å tilpasse seg systemet?


Lene Wetteland, seniorrådgjevar i Den norske Helsingforskomité

 

Det står nemleg djup respekt av mødrer som greier å oppdra borna til å bli ærlege, engasjerte menneske i eit korrupt regime som Aserbajdsjan. Dagleg må dei ta avgjerda om dei skal læra barnet opp til å arbeide hardt og vera ærleg, men samstundes risikere å ikkje få brukt evnene sine fordi alle relevante studiestader eller arbeidsplassar i staden blir tekne av dei med riktige kontaktar. Eller skal du bite det i deg og heller betale det det kostar for at barnet ditt skal få dei karakterane dei fortener, ein relevant jobb og ein karriere?

I samfunn der menneskerettsbrot er norma – tør mødrene ta avgjerda om å oppmode barna sine til å stå på rettane sine, forsvare andre, sei frå når det skjer noko urettferdig, og ta den risikoen som følger med? Eller skal ein verne barna ved å lære dei til å gå stille i gangane og tilpasse seg systemet?

Og ikkje minst – skal ein ta sjansen på å fortelje barna sine at det er ok å skilje seg ut, til og med å vera glad i nokon av same kjønn, og samstundes risikere at dei blir utsette for diskriminering og vald?

Då Frangiza blei alvorleg sjuk i juli 2018 sat Mehman fengsla for sitt journalistiske arbeid. Emin hadde fått asyl i Sveits etter alvorlege truslar og overgrep i heimlandet og kunne ikkje reise heim. 6.august døydde Frangiza utan nokre av sonene ved si side etter at sjukehuset ikkje tok dei nødvendige grepa for å kurere hjarteproblema hennar. Mehman fekk først kome ut nokre timar for å delta i gravferda.

Om lag samstundes gjekk tadsjikiske tryggleiksstyrker om bord på eit fly for å fjerne ti år gamle Fatima, bestemora og onkelen hennar og hindre dei i å forlate Tadsjikistan. Kva gale hadde dei gjort? Mora til Fatima, Sjabnam Khudojdodova, er politisk aktivist, og hadde våga å uttale seg kritisk om det autoritære styret til president Emomali Rahmon både i heimlandet og i eksil i Russland.

Etter trugslar om deportasjon også frå Russland, drog Sjabnam til Kviterussland, men blei der fengsla i åtte månader og truga med deportasjon til Tadsjikistan på falske skuldingar om ekstremisme.

Då ho etter stor innsats frå Helsingforskomiteen og andre blei sett fri og skulle gjenforeinast med dottera, var det dottera som fekk lide for moras politiske engasjement og nekta utreise. Igjen var det bare takk vera internasjonalt press og hjelp frå organisasjonar som Helsingforskomiteen at Fatima til slutt fekk reise ut og kunne bli gjenforeint med mora i tryggleik i Europa.

Så heldig var ikkje russiske Anastasia Sjtsjevtsjenko. Ho er også politisk aktivist, men i organisasjonen Open Russia, med kontor både i Russland og Storbritannia. Anastasia var trebarnsmor og hadde eit ønske om å bidra til at Russland skulle bli eit betre land å bu i for alle.

Mens russiske styresmakter sette den britiske greina av organisasjonen hennar på lista over sokalla uønskte internasjonale organisasjonar blei Anastasia den aller første som er anklaga for å deltatt i aktivitetane til den russiske greina, som ikkje eingong er på lista. Ho risikerer seks år i fengsel for sin politiske aktivitet etter ei lov som er blitt kraftig kritisert for å undergrave organisasjons- og ytringsfridomen.

Anastasia har sete i husarrest sidan 23.januar og fekk kun lov å forlate heimen i nokre timar den 30.januar for å besøke den eldste dotter si på sjukehuset. Den sytten år gamle jenta budde på internatskule på grunn av ein uhelbredelig sjukdom og blei brått verre etter mora si arrest. Få timar etter at Anastasia omsider hadde fått løyve til å besøke henne på sjukehuset, døydde den unge jenta.

Samstundes må mora halde fram kampen mot det russiske rettsvesenet for retten til å kritisere eit korrupt, autoritært regime med fleire liv på samvitet.

Verda er full av mødrer som vil det beste for borna sine og familien sin. Men ikkje alle må ofre like mykje for at landet dei bur i, skal tilby ei framtid også for dei som ikkje er villige til å gå på akkord med rettferd og menneskeverd.


Lene Wetteland

 

Send dei gjerne ein tanke i dag – Frangiza, Sjabnam, Anastasia eller ei av dei andre modige mødrene som sjølv arbeider for endring eller støtter barn som har tatt det vanskelege valet om å hjelpe andre.

Kontakt

Employee

Lene Wetteland

Leder, Documentation and Accountability HubE-post: [email protected]Telefon: +47 97 69 75 53Twitter: @lenewett
Read article "Lene Wetteland"