40 år for fred, tryggleik og menneskerettar: Helsingforserklæringa framleis høyaktuell

Markering i Anna Politkovskaja sitt minne.

Kva for reglar var det eigentleg Putin braut då Russland annekterte Krim og starta krigføring aust i Ukraina? Kva har Helsingfors med menneskerettar og tryggleikspolitikk å gjera? Og kvifor er ei avtale som blei underskriven for 40 år sidan meir aktuell enn nokon gong?

Helsingforserklæringa blei underskriven midt under den kalde krigen og var ei av dei første internasjonale avtalene som kopla spørsmål om fred og tryggleik saman med respekt for menneskerettane. Prinsippa omfatta på den eine sida forhold som territorial integritet og ukrenkelege grenser på ønskje frå Sovjetunionen, og på den andre respekten for menneskerettane og fundamentale fridomar.

Erklæringa blei ein milepæl under den kalde krigen og ein flittig brukt referanse for sovjetiske aktivistar og dissidentar. 40 år etter er erklæringa blitt vel så aktuell som den gong, med innskrenka politiske fridomar og manglande respekt for menneskerettar og territorial integritet i Europa.

Journalisten Anna Politkovskaja var ei av dei som ope kritiserte dei russiske styresmaktene si manglande oppfølging av internasjonale forpliktingar. Ho blei drepen 7.oktober 2006 og det er enno uklart kven som stod bak. Den norske Helsingforskomité arrangerer årleg eit seminar i hennar minne.

Velkommen ved Generalsekretær i Den norske Helsingforskomité, Bjørn Engesland

Paneldebatt moderert av Nils August Andresen, redaktør i Minerva

Dissidens og aktivisme i Russland med støtte i Helsingforserklæringa

Svetlana Gannusjkina:
Grunnleggjar og leiar av Civic Assistance Committee, Moskva
Pavel Tsjikov,
advokat og menneskerettsaktivist, AGORA, Kazan
Roman Anin,
ansvarleg for gravejournalistikk, Novaja Gazeta, Moskva
Lene Wetteland,
Leiar for Russlandavdelinga i Den Norske Helsingforskomité

Gratis inngang Lett servering

Debatten går føre seg på norsk og russisk med simultantolking.