Russland etter VM: Om Pussy Riot og Putin-nedtur

Eit bra gjennomført fotball-VM gjer likevel ikkje Putin populær på heimebane. I staden er det fanesakene Pussy Riot peika på under deira korte VM-deltaking som engasjerer folk.

–Takk vera arbeidet til advokatar som Agora sine kan me kjenne oss trygge til å vera litt crazy aktivistar, sa Olya Kuratsjova då ho talde i Bergen under Raftopris-utdelinga til Agora i 2014.  

Og under VM-finalen var det nok få som ikkje fekk med seg det crazy stuntet ho og tre andre aktivistar i Pussy Riot gjennomførte då dei storma banen tidleg i andre omgang, iført politiuniform. Målet var å få russiske styresmakter til å frigje dei mange politiske fangane som sit fengsla i Russland, ikkje fengsle folk for «likes» på sosiale media, slutte med arrestasjonar under demonstrasjonar, tillate reell politisk konkurranse, og slutte å fabrikkere straffesaker og fengsle folk utan grunn.  

Olya og dei andre aktivistane fekk 15 dagar i fengsel og forbod mot å vera på sportslege arrangement i tre år. Eit skjult opptak frå politistasjonen viser at ein politioffiser ytrar misnøye over at det ikkje er 1937, då Stalins utreinskingar var på det grovaste og han kunne ha skote dei på staden. Rett etter lauslating blei dei igjen fengsla for ei natt, og nye tiltaler venter. Men merksemd fekk dei.  

Mens fotball-VM pågjekk hadde russiske styresmakter lagt ned forbod mot negative nyhende. Ingenting skulle skade Russlands image når heile verdas auge var retta mot landet. I følgje nettavisa 7×7 var det til dømes i månaden før VM registrert 115 «negative kriminelle hendingar» som drap, ran, svindel og narkotikabrotsverk i Murmansk region, mens det i løpet av månaden VM varte ikkje var ein einaste.    

VM-månaden og det utvida protestforbodet blei også utnytta til å innføre ein av dei mest omstridde reformene på lenge, auke av pensjonsalderen frå 55 til 63 år for kvinner og frå 60 til 65 år for menn. Dette blei møtt med store protestar, og har ført til at støtta til Putin i ei måling etter VM er positiv hos berre 64% av dei spurde, noko som er blant dei lågaste målingane sidan før annekteringa av Krim i mars 2014. Samstundes meiner berre i underkant av 48 % av dei spurde at Russland er på riktig veg.  

Så der det internasjonale samfunnet rosar ein bra gjennomført meisterskap og mange av dei besøkande sit igjen med godt inntrykk av russarar og Russland, har presidenten mista støtte på heimebane.  

–Eg treng ikkje pensjon når eg blir fengsla for ein «repost» som ung!

Den upopulære auken i pensjonsalder er ei av årsakene til Putins fall i popularitet. Men det er vel så mykje ei aukande folkeleg motstand mot nett det som Pussy Riot-aktivistane ville trekke merksemd mot under si markering på VM-stadion:  

Politiske fangar: Den ukrainske regissøren Oleg Sentsov  vart i 2014 dømt til 20 år i fengsel utan bevis etter å ha protestert mot annekteringa av Krim. Han har no sultestreika i over tre månader for å få Russland til å setje fri alle ukrainske politiske fangar i Russland og er kritisk sjuk. 182 andre politiske fangar sit i russiske fengsel av politiske eller religiøse grunnar, i følgje Memorial.   

Den politiske fangen Oleg Sentsov har sultestreiket i over tre måneder. Foto: Antonymon, Wikimedia Commons

«Likes»

Dei siste månadene er folk arrestert over heile Russland for innhald på sosiale media som VKontakte. I Barnaul demonstrerte nyleg 200 lokale mot rettssakene som går mot tre unge borgarar – den eine ein ung student (19) som hadde bilete av Game of Thrones’ Jon Snow med glorie på si personlege side. I følgje påtalen er dette ekstremisme og fornærmande for kjenslene til truande, og han risikerer fengsel opp til seks år.  

Demonstrasjon

Dei to Memorial-veteranane Svetlana Gannusjkina (76) og Oleg Orlov (65) demonstrerte i juli midt i Moskva mot den grunnlause arrestasjonen og rettssaka mot deira kollega Oyub Titiev i Tsjetsjenia. I fem minutt stod dei med kvar sin plakat som kravde lauslating av Titiev. Dei to vart snart tekne til politistasjon på «uvanleg høfleg vis sidan det var turistar og fotball-fans overalt» i følgje Memorial på Facebook. Dei to risikerer bøter på 10-20 000 rublar for «ulovleg demonstrasjon», og Titiev si fengsling er forlenga til 22.desember.   

Politisk konkurranse

9. september er det lokalval i 43 ulike delar av Russland – på kandidatar til lokale og regionale duma, suppleringsval til den statlege dumaen, og direkte val på øvste leiar av 22 regionar. Observatørane i Golos observerer registreringa i forkant av valdagen, og kritiserer ordninga med sokalla «kommunalt filter», der kandidatar må få støttesignaturar frå representantar i kommunestyret før dei kan bli registrert. Ettersom dei aller fleste slike representantar er frå partiet «Foreinte Russland» er det veldig vanskeleg for uavhengige kandidatar eller kandidatar frå andre parti å sikre desse underskriftene. (Til og med i regionar der eit opposisjonsparti står sterkt, til dømes kommunistpartiet, stiller dei ikkje til val men inngår heller andre avtaler om stillingar eller økonomiske fordelar utan å drive valkamp og utfordre sitjande politikarar offentleg.)    

Pavel Chikov er en av advokatene i Agora, som i 2014 mottok Rafto-prisen.

Fabrikkert sak

I Moskva sit to unge jenter i varetekt sidan mars, tiltalt for å ha organisert den ekstremistiske gruppa «Novoe Velitsjie». Anna Pavlikova (18) er mest sannsynleg blitt steril av forholda under transport og fengsling, medan Mariya Dubovik (19) held på å miste synet. Fire karar i tjueåra er også tiltalt for same kriminelle handling, basert på dokument som er ført i pennen av den same FSB-agenten som infiltrerte og avslørte gruppa. Desse dokumenta inneheld tilfeldigvis alle elementa som er nødvendige for å bli dømt for å organisere ei slik ekstremistisk gruppe. Saka har fått stor merksemd og provoserer foreldre som er redd for at dei neste ofra for politiet sine provokasjonar skal bli deira eigne barn. Ein stor støttedemonstrasjon blei gjennomført utan arrestasjonar i Moskva 15. august kalla «Mødrenes marsj», og styresmaktene har omsider bøyd av for presset og let jentene sitje i husarrest i staden.

Advokatane i Agora har langt frå kvilt på laurbæra etter dei fekk Raftoprisen i 2014 og Høgres Sjur Lindebrækkepris i 2017. Dei forsvarar både Pussy Riot-aktivistane, Oleg Sentsov, opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj, tenåringsjentene i «Novoe Velitsjie», ein av dei sokalla internett-ekstremistane i Barnaul og offer for overgrep i over 600 andre saker over heile landet.  

Stadig fleire misnøgde russiske borgarar tek til gatene og internett i protest, mange av dei blir pågripne eller fengsla, medan menneskerettsadvokatar og aktivistar syt for at dei har den nødvendige informasjonen om rettane sine og får den hjelpa dei treng i møte med politiet.    

Imens fokuserer Putin på å overtyde folket om at det var Medvedev som tvinga gjennom pensjonsreforma, ikkje han.