Populisme eller demokrati – kva blir det neste for Armenia etter det vellukka valet?

Etter 25 år med massivt valjuks, passivitet, frykt og ein revolusjon i april har det lille Sovjet- landet for første gong gjennomført eit fritt og rettferdig parlamentsval.

Rundtom på stemmelokala i Jerevan var det lite trengsel denne desemberdagen, men likevel eit jamt sig av folk som denne gongen kom frivillig for å stemme på eit parti dei hadde vald sjølve etter ein kort, men effektiv valkamp. Eg med fleire hadde kanskje venta større entusiasme etter ein revolusjon med hundretusen i aktivitet i gatene for få månader sidan, men det var heller ikkje uventa at folk heldt seg heime når ein må kome seg opp av godstolen sjølv. Men mest avgjerande var det nok at det ikkje var nokon tvil om kva som ville bli resultatet.

Valoppmøtet på 48,6% i eit land med under 3 millionar innbyggjarar høyrest kanskje ikkje imponerande ut, men her er det fleire faktorar ein må ta omsyn til. Grunna stor fattigdom og arbeidsløyse er mange av dei på stemmelistene fast busette i andre land, og har ikkje høve til å stemme etter armensk lov. I tillegg var valjukset så omfattande tidlegare, at eit kunstig høgt valoppmøte på over 60 prosent var tvunge fram av truslar, stemmekjøp, tvang og karusellstemming ved fleire stemmelokale.

Brått fall for tidlegare regimeparti

Etter at stemmesetlane var talde opp var det klart at den sitjande regjeringa sitt parti hadde fått 70 prosent av stemmene. Republikanarane, partiet som har sitte med makta i 20 år med tilsvarande høge valresultat, fekk no i overkant av fire prosent og havna under sperregrensa. Det gjorde også Dasjnakane, nasjonalistane som også sat i koalisjonsregjeringa og alltid har spelt ei sentral rolle i armensk politikk. Regjeringspartiet får med seg oligarken Gagik Tsarukjans Blømande Armenia og det nokonlunde liberale Lyse Armenia i parlamentet.

Den sitjande regjeringa trengte soleis ikkje uroa seg for at resultatet skulle bli noko anna enn suksess for den populære statsministeren og trengte heller ikkje risikere noko for å sikre sigeren. I så måte føyer Armenia seg heller inn i rekkja av populistiske parti med ein karismatisk leiar med populære meiningar som tek makta i ulike europeiske land.

 

Spørsmålet no er sjølvsagt kor vegen går vidare. Det var utan tvil eit fritt og rettferdig val, der fråvere av valjuks med særleg misbruk av administrative ressursar, tvang, truslar og stemmekjøp gjorde at folk tok eit sjølvstendig val for første gong i Armenias nyare uavhengige historie.

EPDE, den europeiske plattformen for demokratiske val, der Helsingforskomiteen er medlem saman med fleire europeiske organisasjonar, har gjort statistisk analyse som klart syner at parlamentsvalet 9.desember 2018 var meir demokratisk enn parlamentsvalet i september 2017.

LES EPDES PRESSEMELDING FRÅ VALET

Dei armenske partnarorganisasjonane Helsinki Citizens’ Assembly Vanadzor og Transparency International Armenia hadde omlag 1500 observatørar i arbeid over heile landet og kom til same konklusjon.

Men det er no testen på om Armenia verkeleg er blitt eit demokrati byrjar.


Lene Wetteland, seniorrådgjevar Armenia i Helsingforskomiteen

Med eit så stort fleirtal i parlament og regjering, saman med eit såpass ungt partivesen – får Pasjinjan tilstrekkeleg motstand internt? Vil representantane for hans parti stemme uavhengig i parlamentet og bidra til ein konstruktiv debatt? Og vil folket framleis følgje med og halde han ansvarleg for lovnadene?

Den endelege testen kjem med valet om fem år, når kjenslene rundt revolusjonen har kjølna og dagleglivet vendt tilbake. Dersom livet ikkje har betra seg betrakteleg for armenarane blir det moglegvis nye takter både for og frå Pasjinjan.

Sivilsamfunnet og det internasjonale samfunnet må no følgje opp

Ei demokratisk utvikling krev også at diskusjonsklimaet blir annleis i Armenia. Trass i at det var eit fritt val med open diskusjon var det samstundes ikkje populært å seie at ein ikkje ville stemme på Pasjinjan. Det var også vanskelegare for dei meir erfarne aktørane i sivilsamfunnet å kome med konstruktiv kritikk av dei nye styresmaktene. Eventuell kritikk spelte rett inn i hendene på det tidlegare regimet, og mange valde å sitje stille i båten til det republikanske partiet var ute av parlamentet.

No er tida komen for å seie tydeleg frå om betringspotensiale, og det er viktig at sivilsamfunnet tek dette ansvaret. Dei må hjelpe styresmaktene til å sikra at Armenia faktisk blir betre for alle grupper, også dei som massane ikkje nødvendigvis er så glade i, som religiøse og seksuelle minoritetar eller kvinner med eigne standpunkt. Her er det viktig at dei ulike aktørane i det sivile samfunnet får den nødvendige støtta frå det internasjonale samfunnet, og at det internasjonale samfunnet held dei nye styresmaktene til ansvar.

Men dette kjem seinare – no er det lov å feira at eit folk prega av passivitet, resignasjon og djup mistillit frå Sovjet-tida og åra etter tok situasjonen i eigne hender, kasta det korrupte regimet, og gjennomførte eit fritt og rettferdig parlamentsval få månader seinare. Med den politiske utviklinga me ser i til og med veletablerte demokrati rundt om i verda i dag er ikkje dette reint lite og bør tene til inspirasjon for fleire.

Les dei detaljerte bakgrunnsrapportane frå Helsingforskomiteens samarbeidspartnarar i Armenia: Helsinki Citizens’ Assembly Vanadzor og Transparency International Armenia.

Kontakt

Employee

Lene Wetteland

Leder, Documentation and Accountability HubE-post: [email protected]Telefon: +47 97 69 75 53Twitter: @lenewett
Read article "Lene Wetteland"