Generalsekretær i Helsingforskomiteen Bjørn Engesland ser med uro på at lovforslaget skulle gå gjennom. «Me har mange gode partnarar i Russland, som vil få ein mykje meir problematisk arbeidssituasjon. Det kan vera liten tvil om at også Føderasjonsrådet vil godkjenna lovforslaget, og at president Putin vil underteikna lova som del i hans meir omfattande forsøk på å slå ned på bølgja av protestar og kritikk som følgde Duma- og presidentvala det siste året,» seier Engesland.
For hemnen kjem fort: eit lovforslag som igjen innfører straffeansvar for injuriar vart godkjent av Dumaen førre veka, rett etter godkjenninga av den nye informasjonslova som i følgje ekspertar kan gjere det lettare for styresmaktene å sensurere nettsider og undertrykke opposisjonsaktivitet på nettet.
Sidan endringane til NGO-lova vart introduserte den 29.juni har fleire russiske NGOar protestert kraftig. Dei meiner at det eigentlege føremålet med lova er å innskrenka og svartmale dei som dei ser på som regimets mest ihuga kritikarar – NGOar med internasjonal finansiering. Under den nye lova vil alle organisasjonar som får pengestønad frå utlandet bli kalla «utanlandske agentar» og underleggjast strenge rapporteringskrav.
Leiande russiske sivilsamfunnsaktørar har kome med eit felles protestutspel mot lovforslaget. Også fleire internasjonale aktørar som FN har åtvara mot vidtrekkande negative konsekvensar for sivilsamfunnet i Russland om denne lova skulle gå gjennom.
Ei utsegn frå den internasjonale solidaritetsplattformen der Den norske Helsingforskomité også er medlem, peiker treffande på at lova vil henge merkelappen «utanlandsk agent» på organisasjonar som er initiert, oppretta, og uavhengig drive av russiske borgarar, for russiske borgarar, og som står fritt til sjølve å avgjera kor og korleis dei vil søka om stønad.
Les utsegna her.