Folket følger med

Det er ikkje dagleg kost at eit tidlegare Sovjetland kastar eit autoritært styre etter fredelege protestar. Kor går Armenia etter innsetjinga av Nikol Pasjinjan som ny statsminister for to veker sidan?

Denne veka presenterte Nikol Pasjinjan sine tre visestatsministrar og 17 ministrar. Av desse er det berre to kvinner, trass i at Pasjinjan nyleg understrekte at kvinner skulle vera meir involverte i politikken i Armenia. Ingen representerer nokre etniske eller religiøse minoritetar, dersom ein ser bort frå at folk med lang erfaring frå det sivile samfunnet endeleg får kome inn i varmen.

Mange av utnemningane er unge profesjonelle med internasjonal relevant erfaring, noko som i seg sjølv er ein sensasjon. Og sjeldan har det vel vore så stor interesse rundt kven som blir minister eller ikkje i Armenia – alle kandidatar blir grundig diskutert og vurdert over heile landet.

For det er også ministrar frå støttepartia i nasjonalforsamlinga. Særleg økonomiministeren er kritisert frå delar av sivilsamfunnet, ettersom han som parlamentsmedlem i 2012 gjekk aktivt ut og støtta dei to mennene som stod bak brannbombinga av ein LHBTI-vennleg bar i hovudstaden Jerevan. Ingen blei skada, men episoden gav enno meir gnist til homofobien i landet som ligg nest nedst på ILGA sin indeks over LHBT-rettar i Europa.

NHCs Lene Wetteland rapporterte fra fløyelsesrevolusjonen i Armenia våren 2018.

God stemning i Sotsji

Det er uansett ikkje tvil om at mannen som leia den demokratiske fløyelsrevolusjonen i april framleis er umåteleg populær blant folk flest.

Nyleg møttest leiarane av landa i President Putins motstykke til EU, den Eurasiske Union, til toppmøte i Sotsji i Russland. Hit kom også Nikol Pasjinjan. Han blei møtt av ei stor forsamling armenarar som bur og arbeider i området, talte til dei alle, og delte det heile som direktesending på Facebook-sida sida si, slik han har gjort kvar kveld sidan han blei vald 8.mai. Seansen var prega av god stemning, humor og eit folk som endeleg har ein leiar dei bryr seg om og respekterer.

Kontrasten til hans kollegar frå autoritære Russland, Europas siste diktatur Kviterussland, og eineveldet Kasakhstan kunne knapt vore større.

Ikkje så enkelt

Toppmøtet i Sotsji heldt fram med samtaler mellom Pasjinjan og Putin, der begge understrekte det viktige samarbeidet mellom Armenia og Russland – både økonomisk, politisk og ikkje minst militært. Pasjinjan og demonstrantane har under alle vekene med protest understreka at rørsla er for eit Armenia utan korrupsjon, ikkje for eller mot nokon andre land. Men i dagens kompliserte verd er det ikkje så enkelt.

Armenia har framleis opne konfliktar med to av sine næraste naboar: med Tyrkia over det armenske folkemordet i 1915, og med Aserbajdsjan over landområdet Nagorno-Karabakh etter krigen på nittitalet. Nagorno Karabakh er i praksis sjølvstendig og tett knytt til Armenia, på aserbajdsjansk territorium, men ikkje erkjent av nokon som sjølvstendig stat. Skal Pasjinjan følgje opp på sine lovnader om ein ny vår for Nagorno Karabakh er han nøydd til å halde seg inne med Russland som tryggleiksgarantist.

Må halda det han lova

Men fokus på Nagorno-Karabakh er også eit naudsynt innanrikspolitisk grep. Under protestane var folket samla mot det hata republikanske partiet, men no når regimet er kasta kjem det fleire konkurrerande synspunkt fram. Pasjinjan må halde det han har lova samstundes som han held seg inne med alle dei ulike leirane.

Og her er det ingen motsetnad mellom å vera leiar av ein fredeleg fløyelsrevolusjon, mot korrupsjon, for liberale lovendringar, og samstundes ville forsvare Nagorno Karabakh med alle midlar, inkludert tett samarbeid med Russland.

Den nye regjeringa har allereie teke fleire grep som tyder på at dei har tenkt å gjere det dei kan før det blir utlyst nyval mest sannsynleg til hausten. Statsministeren har bytta ut fleire sentrale aktørar innan politi og administrasjon. Nokre politiske fangar er sett fri, medan gruppa som er fengsla for ein opposisjonell aksjon som medførte valdsbruk og dødsfall må gå gjennom ein ny rettsprosess. Ministrane oppfører seg som folket ved å ta kollektivtransport og spasere i gatene. Dei svarer på spørsmål frå folket i direkte møte eller over sosiale media, og etterlyser innspel om problematikk.

Lene Wetteland er seniorrådgiver i Helsingforskomiteen.

Folket følger med

For folket følger med – og for dei er kampen langt frå over. Framleis er leiarar av store arbeidsplassar, regionale styresmakter og ikkje minst ordføraren i Jerevan frå det korrupte nettverket til den avgåtte statsministeren. Større og mindre protestaksjonar held fram over heile landet. Kvar kveld følger armenarane med på statsministeren sine live-oppdateringar, og held han til ansvar for den tilliten dei har gitt han.

Og det er der fløyelsrevolusjonen har gjort den største endringa for armenarane, uavhengig av kva den nye regjeringa gjer framover. Passivitet og resignasjon er bytt ut med ei overtyding av at dei sjølve har høve til å påverka sin eigen livssituasjon og nasjonale avgjerder, og at leiarane er nøydde til å lytta.

Les om då artikkelforfattaren Lene Wetteland havna midt i Fløyelsesrevolusjonen: «Eg kjem heim når revolusjonen er over»