Eg gler meg til VM-finalen

Med eit stadig meir korrupt FIFA og autoritære leiarar som soler seg i glansen av internasjonale fotballstjerner, mens slavearbeidarar byggar stadion og vanlege folk ikkje har råd til billett – er det lov å glede seg til fotball-VM i Russland?

Svaret er sjølvsagt eit rungande ja, like høgt som når favorittlaget scorar det avgjerande målet i det nittiande minuttet.

I Helsingforskomiteen jobbar eg på heiltid med å seie ifrå om korrupsjon, tortur og trakassering i Russland.  Planlegginga av fotball-VM har vore ein travel tid i min bransje og betydd mange dårlege nyheiter for menneskerettar. Likevel vert også eg med på «fotballfesten.»

Nyte god fotball

Fotball er ein sport som engasjerer på tvers av sosiale sjikt og yrkesgrupper, og hardbarka motstandarar i nasjonale ligaoppgjer står skulder ved skulder under VM for å heie fram landslaget. Har ikkje landet ditt kvalifisert seg kan du velje og vrake i alternativ frå underdogen Island til dei Søramerikanske legendene, eller du kan nyte god fotball rett og slett.

Og verdsmeisterskapen kan vel ikkje kallast anna enn god fotball, trass hyppige innslag av overdriven filming, primadonnanykker og skuldingar om dårleg dømming. Spelet står i sentrum når alt kjem til alt. I løpet av ein månad vil heile verda stå periodevis stille og følgje ulike fotballstjerner kjempe seg fram mot finale – anten over TVen eller til stades på ein av dei nybygde stadion i Russland. Så godt som alle billettane er selde, og tilreisande set allereie sitt preg på gatene med dans og song/hopping og skråling.

Russisk gjestfridom

Russiske styresmakter prøver så godt dei kan å isolere vanlege russarar frå omverda gjennom svartmaling i statleg propaganda, å tvinge utvekslingsinstitusjonar til å legge ned, og å gjere det straffbart for russiske aktivistar å ha kontakt med internasjonale organisasjonar. Men under VM kjem verda til Russland, og ikkje berre til Moskva og St. Petersburg, men til ni andre byar også. Her er det store sjansar for fotballtilhengjarar og journalistar til å møte med russarar som gler seg til å vise Russland frå si beste side. Russland er fullt av overraskingar og brotne fordommar, og det er mykje å ta av berre få kvartal frå stadion!

Her er det store sjansar for fotballtilhengjarar og journalistar til å møte med russarar som gler seg til å vise Russland frå si beste side.

– Lene Wetteland, seniorrådgiver i Helsingforskomiteen

 

Det bur over 200 ulike nasjonalitetar i Russland, og alle har påverka historia, arkitekturen, maten og litteraturen. Dei vidstrakte elvene og den varierte naturen har prega mang ein forfattar og komponist. Ikkje minst den sagnomsuste gjestfridomen og skåltalene har prega tallause besøkande over det ganske land, kanskje særleg dagen derpå.

Kreativitet og motivasjon

For å ta seg betre av dei tilreisande har styresmaktene sett i gang ulike kampanjar for å oppmode ulike yrkesgrupper til å snakke betre engelsk, og til å smile, noko dei vonleg vil halde fram med også etter VM. Ungdom og studentar får høve til å praktisere språka dei studerer på hotell, i servicebransjen elles og i VM-apparatet.

Studentane ved Moskva-statsuniversitetet er riktignok ikkje heilt nøgde med å ha fått ein fan-sone med høg musikk store delar av døgnet rett ved lesesalar og studentheimar, men «slepp» til gjengjeld å lese til eksamen mens VM pågår. Underskriftskampanjar med over 15000 underskrifter og fleire protestaksjonar har ikkje stoppa arrangementet. Men truslar, overvaking, forsøk på verving og melding til politiet har heller ikkje stoppa studentar og enkelte lærarar frå å protestere vidare med ulike verkemiddel.

VM oppmodar soleis til kreativitet uansett motivasjon – sosiale media fløymer over av songar, teikningar og vitsar som spøker med, roser, harselerer eller kritiserer ulike element ved VM. Eitt av dei mest populære innslaga er ein visesongar som meiner at det russiske landslaget sin beste sjanse til å vinne noko som helst er å få Tsjetsjenias diktator Ramzan Kadyrov som trenar. Kadyrov på si side var ikkje smigra, og har kravd offentleg orsaking frå songaren.

Sunn og sporty livsstil

Ei spørjeundersøking utført av det statlege selskapet FOM i april viser at ein femtedel av respondentane trur Russland går vidare frå gruppa men stoppar der, og berre fem prosent trur Russland kjem til å vinne. Men 74% av respondentane gler seg til VM, og viser til at det vil kome mange turistar, at det er økonomisk gunstig, at det vil medføra betra sportsfasilitetar og infrastruktur, og at arrangementet vil styrke Russlands autoritet i verda. Rundt halvparten av dei spurte kunne tenke seg å sjå kampane i Russland, men berre 10 prosent av desse trur det vil bli mogleg.

I tillegg peiker nokre av russarane i undersøkinga på at eit fotball-VM på heimebane oppmodar til ein sunn og sporty livsstil – det skadar heller ikkje.

Fotballstjernene er også levande døme på at du uansett bakgrunn kan oppnå suksess gjennom målretta, hardt arbeid dersom du har talent. Men suksess med eit heilt landslag er ein annan sak.

Magasinet the Economist går i si siste utgåve så langt som til å seie at fotball i så måte lønnar godt styresett og at autoritære regime er «rubbish» i fotball – sjå berre på skilnaden mellom Aust- og Vest-Tyskland, skriv dei. Med andre ord: autoritære styresett kan omsynslaust drille og dope friidrettsutøvarar og skiløparar til seier, men ikkje tvinge fram kreativiteten og finessen som trengst i eit landslag i fotball. Påstanden er ein underhaldande tanke illustrert av åpningskampen i VM: vertsnasjonen Russland og Saudi Arabia scorar lavt både på demokratiindeksen og FIFA-rankinga.

Nasjonal prestisje

Trass i sportsleg glede, nasjonal stoltheit og ferie kjem ein ikkje unna den kritikkverdige menneskerettssituasjonen i vertslandet og kritikken mot at FIFA let land som Russland og Qatar få arrangere fotball-VM. Dei menneskelege konsekvensane er betydelege når store pengar og nasjonal prestisje er i spel for korrupte autoritære aktørar.

Men det er ikkje russarane sin feil. Russarane har ein tøff kvardag, dei lever under korrupsjonen og menneskerettsbrota til dagleg, og gler seg til ein månad med toppidrett på heimebane. Ein kan heller ikkje lasta fotballspelarane for storskala-korrupsjonen i FIFA og dei nasjonale forbunda, mange kjem frå land som er like undertrykkande som Russland. Samstundes går det an å forvente at dei gjer seg kjent med forholda der dei er, nyttar den internasjonale statusen sin til det dei kan og gjer sitt beste for å unngå situasjonar og foto-ops som openbart har propaganda-føremål.

Stjerner som Robbie Williams har derimot ingen grunn til å måtte opptre på opningskonserten, og internasjonale VIP-gjestar kan gjere sitt for å kaste mindre glans over arrangøren.

Men no er det snart tid for avspark, og måtte den beste vinne!  I følgje the Economist si analyse blir det Tyskland igjen.

Employee

Bjørn Engesland

GeneralsekretærEmail: [email protected]Phone: +47 95 75 33 50Twitter: @Bjorn1960
Read article "Bjørn Engesland"

Uttalelse

Václav Havels menneskerettighetspris går til Oyub Titiev

Read article "Václav Havels menneskerettighetspris går til Oyub Titiev"

Kommentar

Å følge Europas nyeste demokrati

Read article "Å følge Europas nyeste demokrati"

Nyhet

Valgene du må følge med på i høst

Read article "Valgene du må følge med på i høst"