Politiske mord i Russland – filmpremiere og diskusjon

Helsingforskomiteen og Russisk Filmklubb på UiO inviterer i høve 10-årsmarkeringa for drapet på Anna Politkovskaja til filmpremiere og diskusjon med temaet politiske mord i Russland.

Filmen «My Friend Boris Nemtsov» (2016) er eit intimt portrett av opposisjonspolitikaren Boris Nemtsov, som blei myrda på åpen gate i Moskva i februar 2015. Nemtsov gjekk frå å vera visestatsminister og potensiell «arving» etter Boris Jeltsin, til å bli ein av Vladimir Putins sterkaste kritikarar. Journalisten Zosya Rodkevich fulgte Nemtsov gjennom tre år med valkamp, demonstrasjonar, rettsprosessar og opprørspoliti, men også hotellrom, togkupear, kontorarbeid og nattlege vandringar – dette er historien om korleis eit journalistoppdrag ender opp som eit genuint venskap.

Filmen blir her vist for første gong i Norge.

Den regimekritiske journalisten Anna Politkovskaja blei myrda i oppgangen til sin eigen heim i Moskva 7.oktober 2006, og det er framleis uvisst kven som stod bak mordet. Politkovskaja var uredd og unik i det ho kombinerte journalistikk med menneskerettsaktivisme ved å løfte fram enkeltskjebnar, og slik sette fokus særleg på forholda i Nord-Kaukasus. Helsingforskomiteen inviterer kvart år til eit arrangement i hennar minne for å setje fokus på arbeidsvilkåra for uavhengig journalistikk i Russland og straffefridom for alvorlege brot på menneskerettane i landet.

Før filmen vil Lene Wetteland, leiar av Russlandsavdelinga i Helsingforskomiteen, og Øystein Windstad, journalist, samtale om forholda for opposisjonspolitikarar og journalistar i Russland i lys av det nylege parlamentsvalet og Windstad si eiga erfaring med kva for åtak journalistar blir utsette for i Nord-Kaukasus.

Arrangementet finn stad på Studentkjellaren U1, i underetasjen på Samfunnsvitskapelig Fakultet på Blindern. Dørene åpnar kl 17:45, og baren er åpen under hele arrangementet som varer til kl 20. Det er også mogleg å bli sitjande og diskutere filmen etter visninga.

Arrangementet er gratis og åpent for alle – studentar, tidlegare studentar og ikkje-studentar. Diskusjonen er på norsk, medan filmen er på russisk med engelsk tekst.

—————–

Øystein Windstad er journalist i LO Media, tar ein mastergrad i dokumentar og undersøkjande journalistikk, er tilknytta Ny Tid og har også jobba i NRK. Windstad skreiv i 2015 om to tsjetsjenske asylsøkarar som ikkje fekk opphald i Norge, trass advarslar frå blant andre Helsingforskomiteen. Begge blei seinare funne døde i Tsjetsjenia, den eine brutalt torturert og dokumentert drept med mishandling. Øystein reiste til Tsjetsjenia i mars 2016 for å følge opp desse sakene og dokumentere menneskerettsorganisasjonen Komiteen mot tortur sitt arbeid i Tsjetsjenia og Nord-Kaukasus. «Denne organisasjonen er den siste resten av rettsstaten og jobbar blant anna for å få politifolk og andre offentlege tenestefolk dømt for mishandling og tortur,» fortel han. Minibussen Øystein og resten av reisefølget brukte blei imidlertid sett fyr på av ukjente gjerningsmenn og passasjerane utsett for grov vald. Også frå sjukehussenga understreka Øystein sin respekt for dei aktivistar, journalistar, advokatar og politikarar som held fram med sitt arbeid i Nord-Kaukasus trass overhengande trugslar om slike hendingar.

Lene Wetteland og Helsingforskomiteen har arbeida med sivilsamfunn og menneskerettar i Russland i ei årrekkje, og har eit unikt nettverk av samarbeidspartnarar over heile landet som arbeider med observasjon av menneskerettssituasjonen, anti-korrupsjon, rettsleg assistanse til torturoffer og andre, bistand til flyktningar og sårbare grupper, LHBTI-rettar, valobservasjon, grasrotaktivisme, forholda i fengsel, uavhengig journalistikk, politikk og akademisk verksemd, og mange andre av utfordringane Russland står ovanfor i dag. Lene har storfag i russisk frå Universitetet i Bergen og lang erfaring frå arbeid, studie og reiser i landa i det tidlegare Sovjetunionen.