Nye perspektiv på valg og opposisjon i Russland – svart/kvitt eller fargepalett?

Er Russland virkelig så toppstyrt av President Putin og hans krins at både opposisjon og sivilsamfunn ligg med broten rygg fram mot valet til hausten?

I denne paneldebatten får me nye perspektiv frå opposisjon, akademia og organisasjonslivet i Russland – på ei problemstilling som slett ikkje er så svart/kvit som du kanskje trudde. .

Lev Sjlosberg er ein av dei mest framstormande uavhengige politikarane i Russland i dag og har fått ei sentral rolle i å koordinere den fragmenterte opposisjonen. Han blei vald som uavhengig kandidat i sin region Pskov, og rakk å gjere seg så bemerka at han blei fråtatt mandatet sitt midt i perioden. No stiller han til val på nasjonalt nivå. Kommentatorar i Russland har omtalt Sjlosberg som ein av få som greier å kombinere Russland si tradisjonelle storheit med utfordringane for dagens borgarar og er blitt retteleg populær. Han kjem til Norge for å dele sine unike erfaringar og vurderingar frå det politiske livet med oss.

For å setje hans rolle i ein større politisk kontekst kjem også Ekaterina Sjulman, assisterande professor og ei av Russlands mest kjende og profilerte politiske analytikarar. Ho er spesialisert innan parlamentarisme og lovgjeving i hybridregime, og stiller fleire spørsmål både ved makt og opposisjon i Russland i dag. Ho er flittig sitert både i russiske og internasjonale media, som i The Economist nyleg om protestpotensialet i Russland. No kjem den fritalande synsaren til Oslo for eit usensurert møte.

Den Norske Helsingforskomité og GOLOS har lenge fokusert på valobservasjon i Noreg og våre austlege naboland gjennom det Europeiske Nettverket for Demokratiske Val, EPDE. Lilia Sjibanova er styremedlem i EPDE og også tidlegare leiar av GOLOS, den mest kjende valobservasjons-organisasjonen i Russland. GOLOS er fleire gonger nominert til Nobels Fredspris for sitt arbeid der fleire hundre frivillige jamleg observerer val over heile Russland trass trugslar, vald og lovendringar som gjer det stadig vanskelegare å gjennomføre reell valobservasjon. Lene Wetteland er leiar for Russlandsavdelinga i Den norske Helsingforskomité, var til stades i Russland under det førre Duma-valet og set det heile i eit norsk perspektiv.

Paneldebatten er moderert av Nils August Andresen frå Minerva, og den er simultantolka mellom russisk og norsk. Det blir lett servering og det er gratis inngang.

Velkommen til ein unik sjanse til å høyre nye perspektiv på det kommande valet i Russland!