Eg kjem heim når revolusjonen er over

Lene Wetteland i Helsingforskomiteen har rapport direkte frå dei dramatiske hendingane i Armenia på sosiale medier, NRK, VG og russisk media dei siste dagane. "Eg reiv av meg observatørskiltet og tok til å grine midt blant dei feirande armenarane", fortel ho i denne kommentaren.

Lene Wetteland er seniorrådgiver i Helsingforskomiteen.

-Kan eg få ta bilde sammen med deg, lo dama kledd i det armenske flagget etter ho hadde klemt meg midt på Republikkplassen i Jerevan. Den forhatte statsministeren hadde nettopp gått av etter elleve dagar med storstilte folkelege protestar.

Eg var omringa av tusenvis av glade armenarar som etter årevis med korrupt styre endelig fekk kjenne på kjensla av å kunne påvirka si eiga framtid. Tårene rann mens eg smilte stort.

Som menneskerettsforsvarar med hovudarbeidsområde i det tidlegare Sovjetunionen må ein ofte ta til takke med å glede seg over dei små endringane. Store resultat som fredeleg regimeskifte eller positive lovendringar er det ikkje ofte ein får oppleva.

Derfor blir det så ekstra sterkt når eit land der ein er blitt så godt kjent med både aktørar i sivilsamfunnet og folk i landet elles endeleg oppnår det dei har kjempa for så lenge. Det armenarane feira den 23.april var ikkje berre ti dagar med intense gateprotestar, men ti år med kamp mot eit stadig meir korrupt vanstyre.

Modige armenarar står opp mot makta.

1. mars traumet

Serge Sargsyan var omstridt allereie då han blei erklært som vinnar av presidentvalet i 2008. Dei store protestane i etterkant blei slått hardt ned på. 1. mars det året vart nok eit traume i den armenske sjela: Ti menneske døydde og 127 blei fengsla på urettmessig grunnlag.

Sidan vart Sargsyan mindre og mindre populær. På grunn av ei rekkje brotne løfte utvikla det seg etter kvart eit personleg hat mot han. Regjeringspartiet befesta dei fleste avgjerande posisjonar i landet, dei blei rikare og rikare mens stadig fleire armenarar lever under fattigdomsgrensa.

Dersom berre armenske styresmakter hadde lagt ein brøkdel av innsatsen dei legg i omfattande valfusk til faktisk å styre landet hadde Armenia sett heilt annleis ut.

Systematisk valfusk og korrupsjon gjer at armenarane har resignert. Det har virka som om det ikkje var noko du kunne gjere for å endre på situasjonen – ikkje gjennom val, ikkje gjennom media, og ei rekkje med aksjonar i gatene for å protestere ulike avgjerder frå øydelegging av ein park i sentrum til auka elektrisitetspriser førte heller ikkje til noko varig endring.

Protestar

Det var nettopp desse forsøka som saman førte til gledesscenene på Republikkplassen 23.april.

Små og store aksjonar dei siste åra lærte aktivistane kva som fungerte og kva som ikkje gjorde det. Stadig fleire ulike grupper deltok i dei ulike protestane. Dei meir etablerte aktørane i sivilsamfunnet såg at langsiktig arbeid med menneskerettsundervisning, opposisjon og engasjement av unge frivillige til valobservasjon og andre aktivitetar gav resultat. Kontrasten mellom manglande moglegheiter for ungdom, fattigdom og den korrupte eliten blei enno tydelegare. Nokre politiske aktørar stod fram og tok ansvar.

Revolusjon er ikkje berre for vaksne.

Og så kom tida då det blei klart at den forhatte presidenten gjennom ti år ikkje skulle gje seg som han hadde lova.

Ved hjelp av ei grunnlovsendring godkjent i ei folkeavstemming gjennomført med utstrekt valfusk, kunne han behalda makta som statsminister i uavgrensa periode. Frontfigur for protestane Nikol Pasjinyan er parlamentsmedlem frå opposisjonspartiet Yelk.

31.mars starta han å gå frå Armenias nest største by Gyumri mot Jerevan. Han kom fram få dagar før Sargsyan formelt skulle veljast i Nasjonalforsamlinga 17.april, og med seg fekk han stadig fleire følgjarar.

Det blei etterkvart tydeleg at Sargsyan og regjeringspartiet hadde undervurdert den sterke misnøyen i folket, og Pasjinyan sin evne til å samle og engasjere.

Frå fredag 13.april kom det fleire og fleire folk i gatene, og slagord som «make a step, reject serj» og «bli med oss» blei ropt taktfast. 16.april kom det til voldelege samanstøt mellom politi og demonstrantar i nærleiken av Nasjonalforsamlinga, og 46 menneske blei skada av tåregass, lydgranatar og panikken som fulgte. I løpet av dei neste dagane blei fleire hundre demonstrantar arresterte.

Pasjinyan oppmoda alle til å unngå provokasjonar med politiet, og dette såg ut til å vera så effektivt at også provokatørane måtte gje seg.

Mange små ulike aksjonar av sivil ulydigheit som sperra gater, offentleg transport og daglegliv gjorde at byen stod stille i dagevis, samtidig som den vibrerte av spenning og engasjement.

Arrestert

Den 22.april gjekk Sargsyan med på forhandlingar med Nikol Pasjinyan, noko som skjedde foran opne mikrofonar og kamera. Begge to virka lite innstilt på forhandlingar og stod på sitt foran eit samla pressekorps i dei få minutta møtet varte. Statsminister Sargsyan minna Pasjinyan om kva som skjedde 1.mars 2008, reiste seg og gjekk. Etterpå blei Pasjinyan og to andre sentrale aktørar arrestert.

Men det som nok var tenkt å skulle løyse opp demonstrasjonane feila særlig på to punkter. For det første provoserte trusselen om 1.mars også dei som enno ikkje hadde tatt til gatene meir enn den skremte dei. For det andre hjalp det ikkje å fjerne Pasjinyan frå gatene, for protestrørsla var allereie effektiv nettopp fordi den var desentralisert og spontan.

Arrestasjonen provoserte folk ytterlegare, men hemma dei ikkje.

Om kvelden den 22.april var det i følgje media 110 000 menneske på Republikkplassen, og gatefest med musikk og tuting i gatene utover kvelden.

Skjebnedag

Det var knytt mykje spenning til kva som ville skje dei siste dagane før 24.april, da Armenia markerer minnedagen for det armenske folkemordet i 1915 og heile den mektige armenske diasporaen har augo sine retta mot Armenia og folkemordsmonumentet. Ville styresmaktene slå til med alt dei hadde for å rydde gatene før 24.april?

Det var mykje som tyda på det etter valdsbruken under demonstrasjonane i 2008, 2015 og 2016.

Menneskerettsaktivistar i Armenia og utlandet mobiliserte det internasjonale samfunnet til å advare armenske styresmakter mot overdriven maktbruk. Helsingforskomiteen planla saman med andre organisasjonar å sende inn fleire menneskerettsobservatørar som kunne dokumentere eventuell vald mot demonstrantar. Stemninga var spent mens me var førebudd på det verste men enno hadde eit lite håp om det utrulege.

Sperrer gata for å få statsministeren til å trekkje seg.

Og utover dagen 23.april då Pasjinyan blei sett fri, var det ikkje politi å sjå i gatene. Stadig fleire folk trakk til sentrum, og desse var barn, lærarar, elevar og etter kvart også militære, prestar, og menn med store magar og dyre dressar. Da var det mykje som tyda på at det skulle gå vegen, men framleis ein tanke ein ikkje heilt torde å sleppe laus.

Den endelege stadfestinga kom utpå ettermiddagen: Statsminister Serge Sargsyan trakk seg!

Jubel

Stemninga i sentrum blei elektrisk utover kvelden og natta. Eg som ein elles profesjonell nøytral observatør reiv av meg observatørskiltet og tok til å grine midt blant dei feirande armenarane.

Me visste sjølvsagt inst inne at det er no arbeidet tek til, med eventuelle politiske forhandlingar, kven skal vera midlertidig statsminister, når blir det nyval, kva for rolle kjem Pasjinyan og rørsla til å ha vidare. Og når skal ein begynne å snakke om reelle endringar i lovverk og praksis?

«Eg reiv av meg observatørskiltet og tok til å grine midt blant dei feirande armenarane», fortel Lene Wetteland.

Allereie om kvelden 24.april kom dei første teikna på at dette ikkje kom til å bli lett, da fungerande statsminister Karen Karapetyan avlyste det planlagde dialogmøtet neste morgon. Pasjinyan oppfordra umiddelbart til vidare sivil ulydigheit, og det er dette som har prega landet i dag.

Igjen er det studentar og andre i gatene som sperrer vegar, marsjerer, tuter, dansar. Dei kreative plakatane og slagorda er oppdaterte frå å vera retta mot Serge Sargsyan til å vera retta mot det republikanske partiet og leiaren av den armenske kyrkja.

Det er framleis ein lang veg fram til frie val, slutt på korrupsjon, ein fungerande rettsstat og eit inkluderande samfunn, men det ser i alle fall ut til at armenarane har innsett sine rettar og plikter som borgar og vil halde oppe trykket framover. Det blir spennande å sjå, og eg skal i alle fall følgje det like tett framover som eg har gjort sidan 2008.

Flyturen tilbake til Oslo er utsett fleire gonger. For det hadde vore stas å vere med å sette punktum for 2018-revolusjonen i Armenia.

Lene Wetteland, seniorrådgjevar i Helsingforskomiteen

Jerevan, Armenia 26. april 2018